Hopp til innhold

Han vil slutte å gje diagnosar på psykiske lidingar

– Vi må få vekk sjukdomsspråket frå psykisk helsevern og halde oss til dei spesifikke problema som folk har. Det meiner psykiater Trond Aarre.

Trond Aarre

VIL HA ENDRING: Trond Aarre er leiar for Nordfjord psykiatrisenter.

Foto: Øystien Torheim

– Vi bør heller kalla det til dømes sjølvskading, hallusinasjonar eller tungsinn. Og ikkje gripe til unyttige og stigmatiserande sekkeomtale, som dei psykiatriske diagnosane er.

Det sa psykiater og leiar for Nordfjord psykiatrisenter, Trond Aarre, i eit intervju med Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid.

– Det eine grunnen til at eg meiner dette, er at brukarorganisasjonane lenge har vore kritisk til den psykiatriske diagnostikken. Når dei som vi brukar diagnosane på seier at det er gale, så skal vi lytte, seier Aarre til NRK.

– Det andre er at eg etter kvart har ganske lang erfaring med å behandle folk for psykiske lidingar og rusproblem. Det som slår meg, er at mange av dei som kjem til mitt kontor, er normale og friske folk som likevel har nokre vanskar som dei søkjer hjelp for. Og då er eg ikkje sikker på om vi vinn noko på å gje dei ein sjukdomsidentitet som karakteriserer dei som avvikande eller unormale, seier Aarre.

Nordfjord psykiatrisenter

SENTER: Nordfjord psykiatrisenter ligg på Nordfjordeid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ikkje bevist

– Men er ikkje psykisk sjukdom, ein sjukdom?

– Eg meiner det ikkje er sjukdom på den måten at det er objektive feil, dysfunksjonar eller avvik frå det normale. Det er meir bestemt av sosiale normer og forventingar. Og eg meiner det er gale å sidestille somatiske og psykiske lidingar.

– Kvifor det?

– Det er aldri blitt bevist vitskapeleg at dei diagnosistiske kategoriane våre er namn på sjukdomar som faktisk finst. Det er strid om kva dei skal kallast og korleis dei viser seg. Til dømes har vi to ulike diagnosesystem i verda. Det er eit godt teikn på at ein ikkje har klart å bli samde om å beskrive fenomena. Så eg meiner vi bør finne andre måtar å omtale pasientane og deira plager på.

Brite viser veg

Aarre viser til Peter Kinderman, visepresident i den britiske psykologiforeininga. Han meiner at dersom vi set ein strek over diagnosane og ikkje lenger snakkar om at folk er sjuke, men konsentrerer oss om dei faktiske problema folk har, så vil vi komme like langt, men utan å sjukeleggjere folk.

– Det er jo tankevekkande når Folkehelseinstituttet seier at cirka halvparten av oss vil få ei psykisk liding i løpet av livet. Når ein psykisk liding då per definisjon er unormal, så må me spørje oss kva normalt er, når altså halvparten av oss blir unormale i løpet av livet, seier Aarre.

Han understrekar at mange er glade for å få stilt ein diagnose innan psykiatrien, i alle fall om det fører til at dei får hjelp. Men at det også er mange som føler seg varig stempla og stigmatisert av diagnosar.

Aarre seier han har fått ulike reaksjonar etter utspelet sitt.

– Nokre er glade, andre er sure. Vi kan ikkje rekne med berre ros i så helsepolitiske betente spørsmål, seier Aarre.

Undergrave fagfeltet

– Er det ei undergraving av profesjonen og fagfeltet ved å seie at ein ikkje treng diagnosar?

– Det er heller snakk om å peike ut ein ny retning for framtidas psykiske helsevern og rusbehandling, som legg meir vekt på alminneleggjering, normalisering og integrering. Og som innser at det er mykje mindre skilnad på menneske enn kva diagnosesystemet lèt som.

– Men du vil at problema som folk har, skal behandlast?

– Problema er verkelege og det er mykje god hjelp å få. Men vi vinn ikkje mykje ved å late som om medmenneska våre er sjuke eller avvikande.

Aarre trur styresmaktene må mjuke opp synet sitt for at psykiatrien kan endrast. Og så må truleg fagorganisasjonane inn. Men det er nok ein lang veg å gå, vedgår psykiateren.

– Diskusjonen har halde på i 50 år. Det går i motebølger. Og akkurat no står trua på diagnosesystemet sterkt. Så det vil nok ta tid, seier Aarre.