Hopp til innhold

Har kutta all kontakt med legemiddelindustrien

NORDFJORDEID (NRK): Den erfarne overlegen og psykiateren Trond Aarre meiner legemiddelindustrien er uetisk og grådig. Han kastar all legemiddelreklame i søpla.

Trond Aarre

Psykiater Trond Aarre meiner det er naivt å tru at legemiddelindustrien legg vekt på folkehelseperspektivet. Etter å ha samarbeidd tett med bransjen, braut han i 2010 all kontakt.

Foto: Øystien Torheim

Etter tett samarbeid over mange år, braut psykiater Trond Aarre i 2010 all kontakt med legemiddelindustrien.

– Vi ser mange døme på ein styrlaus og grådig industri, særleg når det gjeld prisfastsetting av legemiddel som ofte er fullstendig omsynslaus, seier ein alvorleg Trond Aarre.

54 år gamle Aarre har jobba som psykiater i 19 år, mesteparten av tida som sjef ved Nordfjord psykiatrisenter. No er han også fagsjef for psykisk helsevern i Helse Førde.

Frå tidleg på 1990-talet og fram til 2010 samarbeidde Aarre tett med legemiddelindustrien.

– Etter kvart forstod eg at vi ikkje hadde same mål. Eg såg etter pasienten sitt beste. Legemiddelindustrien hadde fokus på mest mogleg inntening, seier han.

Aarre fortel om korleis han sjølv blei lokka med gratis tur til Karibia i samband med introduseringa av ein nytt antipsykotisk medisin.

– Eg takka høfleg nei, seier Aarre.

Trine Vingsnes

Sjukepleiar Randi Hove og sjef ved medisinsk avdeling, Trine Vingsnes (til høgre), er her på eit av medisinromma på sjukehuset i Førde. Vingsnes har sagt ja til at legar får ta på seg oppdrag for legemiddelindustrien.

Foto: Bård Siem / NRK

Spanderer mat og reklamerer

Det som no er vanleg er at industrien inviterer legane til kveldsmøte på hotell der dei reklamerer for nye medisinar. Industrien stiller med mat og drikke. Legane som har sagt ja til å kome med faglege innlegg får betalt.

– Det er ofte kveldsmøte på eit hotell der vi møter folk frå legemiddelindustrien, stadfestar sjef for medisinsk avdeling i Helse Førde, Trine Vingsnes.

Dei same legane som fekk reklamen om medikamentet på hotellet skal dagen etter møte pasientar og skrive ut medisinar. Gjev ikkje dette uheldige bindingar?

– Ein ser mykje strengare på dette no enn for berre 10 år sidan. Det kan vere at ein må skjerpe ytterlegare inn, men det vil alltid vere behov for samarbeid mellom industrien og helsepersonell, seier ho.

Fekk 20 millionar i honorar

Til saman overførte dei norske legemiddelselskapa i fjor 20 millionar kroner i honorar til helsepersonell. Legane som tek på seg oppdrag frå legemiddelindustrien blir oppmoda om å opplyse kor store inntekter dei har hatt.

Ein tredel av legane vil ikkje opplyse kor mykje dei har fått frå legemiddelindustrien. ​300.000 kroner var i fjor det største beløpet ein enkelt lege fekk i honorar frå industrien.

Karita Bekkemellem

Administrerande direktør for den norske legemiddelindustrien, Karita Bekkemellem, meiner Trond Aarre framstiller legemiddelindustrien på ein feilaktig måte. Ho skuldar Aarre for å vere arrogant og nedlatande.

Foto: NRK

Industrien slår tilbake

Administrerande direktør for den norske legemiddelindustrien, Karita Bekkemellem, er provosert over kritikken frå Aarre.

– Han er arrogant og nedlatande i høve den forsking og kompetanse som den farmasøytiske industrien legg til grunn for å utvikle legemiddel, seier ho.

Bekkemellom meiner Aarre byggjer kritikken sin på korleis legemiddelindustrien var tidlegare.

– Legemiddelindustrien har for mange år sidan inngått ein samarbeidsavtale som helseføretaka må etterleve i høve sine tilsette. Legar har ikkje lenger høve til å delta på turar til utlandet saman med legemiddelindustrien, seier ho