Høybråten seier han har fått eit positivt inntrykk av dette prosjektet.
Trivselshagen har som mål å samle idrett, kultur og helse under same tak, og vil koste omkring 190 millionar kroner. No har helseministeren vedteke at forprosjektet skal få 900.000 statlege kroner. Dette er pengar frå folkehelsepakken i årets budsjett. For berre kort tid sidan var Høybråten sjølv på Sandane og fekk informasjon om planane.
Sogn og Fjordane får til saman 2,4 millionar kroner frå folkehelsepakken, og er blitt peika ut som eitt av seks fyrtårnfylke som skal vise veg for andre.