Trillar seksarar for kjærleiksplate

På sjølvaste kjærleiksdagen slepper Sigrid Moldestad den nye plata si «Brevet til kjærleiken» - til terningkast seks i to aviser.

Sigrid Moldestad

GODE KRITIKKAR: To aviser har gitt Sigrid Moldestad ein seksar for den nye plata som blir sleppt i dag. Meldarane i Hamar Arbeiderblad og Bergens Tidende likar det dei har høyrt.

Foto: Karl Kristian Langeland, NRK/Faksimile Hamar Arbeideblad og BT

– Det er heilt fantastisk, eg blir veldig glad, seier Sigrid Moldestad.

Spelemannsprisvinnaren frå Breim har dukka ned i forfattarskapet til Jan-Magnus Bruheim. Plata «Brev til kjærleiken» er ein hyllest til diktaren som 15. februar ville fylt 100 år.

Skreiv om kjærleiken

Meldarane i både Bergens Tidende og Hamar Arbeidarblad er fulle av lovord om kjærleiksplata. Begge har gitt Moldestad ein seksar. Olav Gorseth i BT skriv at musikken er gjennomgåande mollstemt og melankolsk, heilt i tråd med sårheita i mange av tekstane.

Også VG og Aftenposten let vel om Moldestad si nye plate. Terningane deria stoppar begge på femmaren.

Plata kjem ut på valentinsdagen, men plata blir gitt ut i dag fordi 100-årsjubileet for Bruheim startar no.

– Men han skreiv mykje om kjærleiken, så det passar veldig bra sidan det er kjærleiksdagen i dag, seier ho.

Sette ord på store kjensler

Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk, men budde fleire år i Botnane. Nesten heile plata er spelt inn i det gamle skulehuset han budde i, ute ved havet i Bremanger. Moldestad seier Bruheim har mange flotte tekstar med eit rikt språk om kjærleiken.

– Han skreiv variert og lengtande, og han sette ord på store og veldige kjensler.

No ventar ei spennande tid for musikaren frå Breim i Gloppen.

– No skal eg ut å la songane leve i møte med publikum. Det blir veldig spesielt, seier ho.

Plata er den fjerde soloplata frå Sigrid Moldestad. Ho fekk spelemannspris for solodebutalbumet «Taus» som kom i 2007. I 2010 gav ho ut albumet «Sandkorn» og i 2012 kom «Himlen har sove bort mørkeret».

Created by InfoDispatcher

I STUDIO: Høyr Sigrid Moldestad syngje frå den nye plata si. Foto: Karl Kristian Langeland