Hopp til innhold

Fekk brannskade i handa to veker før plateslepp - håpar å bli kvitt bandasjen snart

Fredag slepper Sigrid Moldestad ny plate. Men felespeling er det smått med. Brannskadde fingrar på venstre handa har sett ein stoppar for det.

Sigrid Moldestad

BANDASJERT: Sigrid Moldestad er enno ikkje kvitt bandasjen, men håpar det ikkje er lenge om å gjere.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Midt i plateinnspelinga, klarte musikaren frå Gloppen å øydeleggje seg i handa.

– Eg hadde eit lite uhell på kjøkkenet for eit par veker sidan med litt matolje, og brann meg skikkeleg på eit par fingrar på venstre handa. Det var ilt, og litt dumt, men først og fremst veldig dårleg timing, seier Moldestad, og ser ned på den bandasjerte venstrehanda.

Ho er framleis ikkje fri bandasjen, men tek det heile med stor ro, sjølv om ho skal på turné i Sogn og Fjordane rett etter platesleppet.

– Det blir ikkje så mykje felespel endå. Men vi får sjå, seier Moldestad.

Ho er viss på at det vert ei løysing på akkurat det.

Hyllar diktaren Bruheim

Trass i at Moldestad etter kvart har mange album bak seg, kriblar det framleis i magen framfor platesleppet.

– Det får berre stå til. Eg gru-gler meg, ler Moldestad.

Plata "Brev til kjærleiken" er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim som 15. februar ville fylt 100 år.

– Det har vore ein spesiell prosess, å fordjupe seg ned i ei anna verd. Det er eit oppdrag eg har prøvd å løyse etter beste evne, seier Moldestad.

Bruheim var ein diktar som var fødd i Skjåk i Gudbrandsdalen, kor han levde mesteparten av livet sitt.

– Han hadde diktarstova si der, og var mykje brukt lokalt og skreiv i mange forskjellige blad og tidsskrift. Han hadde også ein lengt ut mot kysten, fortel Moldestad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

I STUDIO: Høyr Sigrid Moldestad syngje frå den nye plata si. Foto: Karl Kristian Langeland

Spelte inn plata i skulehus

Det resulterte i at han fekk tilgang til skulehuset i Botnane i Bremanger, kor også Moldestad har spelt inn den nye plata.

– Då han var godt oppe i åra, flytta han til Botnane og budde der i åtte år. Han produserte mykje nytt i dei åra, og flytte ikkje tilbake før i 1985. Han døydde i 1988, fortel Moldestad.

Og nettopp Bruheim sine åtte år i skulehuset i Botnane var grunnen til at Moldestad valde nettopp den staden for å spele inn den nye plata si.

– Det gav det ein ekstra dimensjon. Vi var ute ved havet i eit knirkande, fint trehus med krikar og krokar, hav og fjell rundt. Eg tykte det var veldig inspirerande og godt, seier Moldestad.

Ikkje alle dikt vil bli songar

Å gjere andre sine dikt om til songar, er ikkje berre berre.

– Det har vore ei spennande reise og ei skikkeleg utfordring. Eg måtte finne dikt og ord som eg følte kunne bli mine, og som eg kunne syngje og føle at eg kunne stå for, seier Moldestad.

Og sjølv om ein finn dikt som passar, så er det ikkje alltid gjort i ei handvending å lage songar av dei.

– Det er ikkje alle dikt som vil bli songar, så det har vore utfordrande å finne dikt som ville det. For meg har målet vore å få dikta til å bli sjølvstendige songar, seier Moldestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sigrid Moldestad

KREVJANDE: Sigrid Moldestad fortel at det har vore utfordrande å gjere dikt om til songar.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Høyrer lite på eigen musikk

Trass i at ho har mange album bak seg, er det likevel noko spesielt å høyre resultatet av noko ho har jobba med så lenge.

– Vi har nihøyrt på det, men no har eg sleppt det nokre veker, og det har vore godt. Då er det ikkje så skummelt å høyre det att, seier Moldestad.

Men ho fortel at i den prosessen som har vore, har ein vore ute etter å fikse på detaljar, skru lyd og gjere alle studiotinga som må til for å lage ei plate.

– Då får ein litt feil fokus. Ein klarar ikkje høyre musikken i det. Eg høyrer lite på mine eigne ting når det er ferdig, for då er eg så ferdig med det. Men det er alltid kjekt å høyre det i godt studio med gode høgtalarar, seier Moldestad.

Moldestad slepper plata i Bergen komande fredag, og skal deretter på turné i fjordfylket.