Hopp til innhold

Treng ungar til Barne-tv

NRK leitar etter fleire ungar til den nye serien «Klart eg kan.»

Klart eg kan 3
Foto: Øystein Torheim

Serien hadde premiere i julemorgen på NRK Super. Så langt er 14 episoder laga, men no skal det lagast ein ny sesong av den populære serien.

Handlar om å vekse opp

NRK Sogn og Fjordane ønskjer difor å kome i kontakt med ungar i alderen 4-8 år som kunne tenke seg å vere med i serien som skal gå på Barne-tv. Klart eg kan handlar om det å vekse opp, og alt det modige ungar må gjere for første gong.

Gjere ting for første gong

– Vi ønskjer kontakt med ungar som skal prøve noko dei er spente på for første gong, eller som driv med noko som er like spennande kvar gong dei prøver, seier Eva Westvik som er ansvarleg for serien i NRK.

Mathilde skal ta hol i øyrene frå Klart eg kan

I 'Klart eg kan' følger vi blant andre Mathilde som har lyst på hol i øyrene.

Foto: NRK

Leiter etter vanlege historier

Skaparane av serien leitar etter historiar som å lære seg å sykle, lære seg å svømme, å trekke ei tann hjå tannlegen, sove ute midt på vinteren eller å overnatte hjå ein venn for første gong. Men det kan like gjerne vere heilt andre historier.

Ta kontakt om du har tips

Felles for historiene i Klart eg kan, er at ungane skal gjennom ein prosess der noko står på spel for dei. Dersom du veit om ein unge eller har ein god ide, er det flott om du fortel det til Eva Westvik på epostadressa eva.westvik@nrk.no.

Video Klart eg kan - musikkvideo

Klart eg kan - musikkvideo