Hopp til innhold

Tremålshelten er budd på meir benkesliting

SOGNDAL: Kristian Fardal Opseth tek ikkje heilt av etter søndagens kalassiger på Brann Stadion. – Eg er budd på sitje meir på benken, vedgår 25-åringen.

Til glede for sogningar, og muligens til forarging for bergensarar, me skal tilbake til Sogndal si tilnærma utklassing av Brann i går. 
Sogndal ligg no milevis framfor dei andre laga i 1. divisjon, og mykje må gå galt om det ikkje blir opprykk.

SJÅ: Dagen deretter i Sogndal-leiren etter å ha kledd av bergens stoltheit på Brann Stadion. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/HEIDI LISE BAKKE)

Den sterke kaupingen jobba og sleit gjennom heile kampen, og fekk betalt i form av tre mål.

Då gjer det lite at beina er tunge som bly dagen deretter.

– Det var ein tøff kamp med mykje springing. Eg merka at eg ikkje har spelt så mykje i det siste. Eg kjenner det godt i beina, for å seie det slik, seier Kristian Fardal Opseth.

Budd på benken

25-åringen hadde ikkje starta sidan Levanger i femte serierunde, men fekk sin sjette kamp frå start grunna Ulrik Flo's skade.

  • Slik var det å stå blant Saftkokaradn:

– Ulrik sleit med eit lår, og vi valde å kvile han. Eit godt val, sjølv om kanskje også Ulrik kunne ha scora eitt par mål, kommenterte trenar Eirik Bakke etter kampslutt.

Sjølv om Sogn Avis premierte Fardal Opseth med ein tiar på spelarbørsen, er tremålshelten klar over at han ikkje har noko klippekort til spissplassen.

– Vi har tre gode spissar, samt Ulrik, som kan brukast fleire stadar på bana. Eg må nok bruke meir tid på benken, vedgår han.

– Må nullstille oss

Eirik Bakke

ÅTVARAR: Eirik Bakke lét seg imponere av eigne disiplar på Brann Stadion, men åtvarar. – Det gir oss sjølvtillit, men spørsmålet er kor godt vi taklar det etter ein så god kamp. Men eg er ikkje redd for det. Det er god moral i laget, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Måndag var restitusjon for slitne Sogndal-bein. Allereie onsdag kjem Jerv til bygda og neste seriekamp.

Då betyr det lite at Sogndal knuste Brann, at dei leiar serien med 11 poeng og har sju strake sigrar.

– Etter ein slik kamp er det viktig å nullstille seg. Det vi gjorde søndag var fantastisk, men det betyr ingenting på onsdag om vi ikkje gir full gass, legg ned arbeidsinnsats, duellar og trykk i spelet vårt, åtvarar trenar Bakke.

Nærare nedrykk enn Sogndal

Årets 1. divisjon er jamn, om ein ser vekk frå Sogndal. Med unntak av serieleiaren ser alle ut til å slå alle.

Faktisk er tabelltoar Sandnes Ulf nærare nedrykksplass, enn dei er å vippe Sogndal ned frå tabelltoppen.

Sogndal jublar over scoring

FANTASTISK: Nær 1 000 av 14 000 tilskodarar heia på Sogndal på Brann Stadion. – Men vi er ikkje storebror endå. Eg vil påstå at vi må vise det over lengre tid enn ein kamp før vi kan kalle oss storebror, seier Kristian Fardal Opseth.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Målet er å rykkje opp, og å vinne mest mogleg kampar. Men, vi har spelt 13 kampar og det er 17 kampar att. Taper vi ti kampar, så er det plutseleg jamt att. Vi må halde fram å vinne kampar, legg Bakke til.

Har meir å gå på

Sogndal-ekspert Jon Navarsete trur Bakke sine disiplar vil halde fram kursen mot Eliteserien. Han lét seg imponere av maktdemonstrasjonen på Brann Stadion.

– Det er sjeldan eg har sett eit så proft opplegg rundt treningane som no i vinter. I tillegg er Helge Haugen komen inn, og har gitt eit utruleg viktig bidrag i den fysiske styrken, seier den tidlegare Sogndal-profilen og legg til:

– Det er no du skal vise kvaliteten og profesjonaliteten som er der, men eg trur ikkje at vi har sett det beste av dette laget endå. I alle fall ikkje offensivt. Eg veit Bakke framleis har mykje som han vil gjennomføre, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..