Trekkjer seg som ordførarkandidat
Johannes Einemo trekkjer seg som ordførarkandidat for Høgre i Lærdal. Det opplyser Vestland Høgre i ei pressemelding. Fylkessekretær Karsten H. Sprenger opplyser at Einemo trekkjer seg av personlege grunnar. Han fortel vidare at partiet snart vil kome opp med ein ny ordførarkandidat.