Historisk ordførar
Anne Kristin Førde (Ap) er akkurat konstituert som ordførar i Bremanger. Ho er historisk som første kvinne i vervet. Totaloversikta for fylket syner det berre er to kvinnelege ordførarar, og sju varaordførarar.
Anne Kristin Førde (Ap) er akkurat konstituert som ordførar i Bremanger. Ho er historisk som første kvinne i vervet. Totaloversikta for fylket syner det berre er to kvinnelege ordførarar, og sju varaordførarar.
Det er framleis uklart kven som får makta i Hyllestad. Sitjande ordførar Morten Askvik (biletet, Sp) vann valet. Men i kveld skal Høgre og Arbeidarpartiet i forhandlingar. Dei to har fleirtal og vil vippe Sp av trona om dei blir samde. Sitjande varaordførar Geir Helge Nordstrand (H) seier Høgre vil krevje ordføraren trass i at dei er mindre enn Ap.
Kjetil Felde (Sp) vert ny ordførar i Fjaler kommune. Han får med seg Leif Jarle Espedal (Ap) som varaordførar. Ap, Sp og SV som er einige om å samarbeide dei neste fire åra.
Jon Askeland (Sp) blir fylkesordførar og Natalia Golis (MDG) blir fylkesvaraordførar i nye Vestland. Dei skal leie storfylket saman med KrF, SV, Venstre og Arbeiderpartiet.
Anne Kristin Førde frå Arbeidarpartiet blir første kvinnelege ordførar i Bremanger. Det er klart etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i går kveld vart samde om samarbeid den komande fireårsperioden, skriv Fjordenes Tidende. Magne Kjerpeseth frå Senterpartiet vert varaordførar.
Slik vert dei 65 plassane i fylkestinget fordelte mellom partia:
Senterpartiet var veldig nær å vinne eit mandat frå Arbeidarpartiet.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.