Men Helse Førde-direktøren held fast på at helseføretaket har køyrt ryddige prosessar. - Vi har gjort alle dei utgreiingane Høybråten har bede om, og levert innanfor kvar einaste frist som han har sett for oss. Då hadde vi rekna med at dei øvste styresmaktene også skulle halde sine fristar, seier han.
- Må ta del av skulda
Likevel meiner mange at Helse Førde må ta sin del av skulda for den forvirringa og uvissa som er skapt om fødetilbodet i Indre Sogn. Like før jul sendte Helse Førde ut brev til dei åtte kommunane i Indre Sogn om at fødeavdelinga i Lærdal skulle gjerast om til fødestova 5. januar, altså i går.
Men i siste sekund valde helseføretaket å oppretthalde fødetilbodet uendra inntil helseminister Dagfinn Høybråten har fatta eit endeleg vedtak. Kapstad vedgår har Helse Førde har handla klønete i denne saka. I etterkant ser han at dette burde vore gjort på ein annan måte. - Det var og uheldig at dette kom like oppunder jul då alle var på ferie, og då vart det kort tid å ta fatt i saka, seier han.