Hopp til innhold

Tredje tap på rad for Førde

Vertane i Bergen vart ein nummer for store for handballdamene til Førde, då laga møttest til oppgjer i 1. divisjon i ettermiddag. Medan Førde hang med i starten og gjekk til pause berre to mål bak Fana (12-10), fekk dei det tyngre dei siste tretti minuttane. Kampen enda 25–19 i favør Fana. Dermed tapte Førde sin tredje kamp på rad. Etter seks kampar står Førde med berre ein siger, og ligg på 9.-plass på tabellen.