Tre spelarar klare

Florø-trenar Terje Rognsø har brukt ferien til å signere heile tre nye spelarar. Torbjørn Aabrekk er heilt ny og skal vera klar til neste kamp. Han må sona i helga for tre gule kort.

– I tillegg har Kristoffer Ryland og Peter Aase signert kontraktar permanent. Dei har tidlegare vore på lån frå Sogndal, seier Rognsø til NRK.

Florø har sin første kamp etter tre vekers ferie på søndag, heime mot Fredrikstad.

Peter Aase
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK