Hopp til innhold

Tre ferjer på Lavik-Oppedal

I sommar skal det settast inn ei ekstra ferje på sambandet Lavik-Oppedal.

Bilane kjem av MF Lifjord i Lavik.

TER FERJER: MS Lifjord får hjelp av to ferjer i sommar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Statens vegvesen og Fjord1 er blitt samde om ein avtale om auka kapasitet på sambandet, opplyser samferdselsminister Marit Arnstad.

I perioden 21. mai til 30. august skal strekninga bli trafikkert av tre ferjer. I tillegg skal det gå tre ferjer mellom Lavik og Oppedal i Kristi Himmelfartshelga, pinsehelga, i haustferien og i jule- og nyttårshelga.

Det har vore lange køar og til dels lang ventetid i store utfartshelgar. No håpar Fjord1 at opplegget med ei tredje ferje i dei mest trafikkerte helgene og i sommar vil få trafikken til å gli lettare.

Tre ferjer fast frå 2015

Fjord1 og Statens vegvesen tek og sikta på same opplegget sommaren 2014. Frå og med 2015 skal Lavik-Oppedal ha tre ferjer i trefikk heile året.

Bilete frå MF Gloppen

AUKA KAPASITET: Ventetida på Lavik-Oppedal skal ned.

Foto: Oddleif Løset / NRK