Hopp til innhold

Tre blir til Sogn Sparebank

Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har innleia samtalar om samanslåing, det skriv dei i ei pressemelding. Namnet kan bli Sogn Sparebank om generalforsamlingane i dei tre bankane blir einige på slutten av året. Noverande banksjef i Vik Sparebank, Mads Arnfinn Indrehus, blir administrerande banksjef i den nye banken.