Hopp til innhold

Travle dagar for bilbergarane i sprengkulda

FØRDE (NRK): Bilbergarar og bilverkstadar har hendene fulle med bileigarar som ikkje får start på bilen i kulda.

Førde bilberging

TRENG HJELP: Denne Poloen må på verkstad etter at eigaren køyrde med fastfrosen handbrems.

I fleire dagar har det vore målt temperaturar ned mot 20 minus fleire stader i Sogn og Fjordane. Kjell Ove Hornnes i Førde Bilberging har hatt det travelt dei siste dagane, for mange har opplevde flate bilbatteri.

– Det har vore sterkt pågang i morgontimane. Folk som skal på jobb får ikkje start på bilen. Det går også i frosne dører og handbrekk.

No er han på veg til sjukehuset for å gi hjelp til ein Volvo som ikkje vil starte. Klokka er berre 10:30 og dette er bil nummer fem han gir hjelp til i dag.

Småkøyring tappar batteriet

Kjell Ove Hornnes

GIR HJELP: Kjell Ove Hornnes i Førde Bilberging har travle dagar.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Når han kjem fram, konkluderer han med at batteriet må skiftast.

– No er planen å ta bilen med til verkstaden. Når det gjeld batteriet på bilen, varierer det veldig kor lang levetid dei har. Normal tid er tre-fem år, men det er mange som klarer å ha dei opp mot ti år.

– Har du nokre godt tips når det gjeld batteriet?

– Det er ikkje så mange andre tips enn å passe godt på. Vedlikehald er eit godt tiltak med tanke på straum.

Ole Bernt Holme

STOR PÅGANG: Ole Bernt Holme hos Frydenbø Bil får mange telefonar i kulda.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det kalde vêret merkast også hos Frydenbø Bil i Førde. Verksmeister Ole Bernt Holme fortel at han berre i dag har hatt fem – seks bilar innom der batteriet har gitt tapt i kulda.

– Mange har bilar som ikkje startar eller har startproblem. Mykje småkøyring kan føre til trøbbel med batteriet. Dieselvarmarar og slikt tappar fort ned straumen på batteriet. Det er difor greitt å ta litt lengre køyreturar som ladar batteriet.

Henriette Breivik og Kjell Ove Hornnes

UHELDIG: Henriette Breivik oppdaga ikkje at handbrekket hadde frose fast.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Køyrde med handbremsa på

Men det er ikkje berre flate batteri som skapar problem. Når kulda kjem snikande kan også handbrekket fryse fast. Dette fekk Henriette Breivik erfare.

– Handbrekket har frose, og eg har ikkje heilt fått det med meg. Dermed har eg køyrt med handbremsa på. Då eg skulle heim i går, stoppa eg på raudt lys. Då såg eg det kom svart røyk ut frå eine bakhjulet. Eg trudde eg hadde øydelagd han.

No er bilberginga på plass for å frakte bilen til verkstaden.

– No spørst det kor mykje skade det har blitt. Eg hadde ikkje tenkt å bruke så mykje pengar på bilen no, seier ho lettare frustrert.

For bilbergar Kjell Ove Hornnes er ikkje dagen slutt enno.

– Slik der ser ut no, er dagen min fullbooka, seier han.