Hopp til innhold

Dei vil snuse som før trass i at det er innført snusforbod i skuletida

Frå 1. juli i år vart det totalforbod mot all bruk av røyk eller snus ved norske skular. Sjølv om brot på reglane kan føre til nedsett ordenskarakter, stoppar ikkje det elevane ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Nikolai Nordbotten, Lars Herman Terøy og Sondre Solvik

TRASSAR SNUSFORBODET: Frå v. Nikolai Nordbotten, Lars Herman Terøy og Sondre Solvik

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Den er så vidt synleg, men snuslepa til Sondre Solvik er ikkje lenger tillaten i skuletida. Elevane ved Øyrane vidaregåande skule i Førde meiner det nye forbodet ikkje har noko føre seg, seier han.

– Snusforbod på skulen trur eg ikkje hjelper noko særleg, for dei som snusar gjer det uansett, også på fritida.

– Har du snus under lepane no?

– Det har eg.

– Sjølv om du ikkje har lov?

– Ja.

Og Sondre får støtte frå fleire andre elevar. Dei ser ikkje vitsen med det, dei synest det er urettferdig, og dei meiner det ikkje går ut over andre når dei snusar.

– Ei utfordring å handheve snusforbodet

Liv Horvei

VANSKELEG Å HANDHEVE: Rektor Liv Horvei.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK


I løpet av skuledagen skal elevane verken snuse eller røyke uavhengig om dei er på skuleområdet eller utanfor. Blir dei tekne, får det konsekvensar, seier rektor Liv Horvei.

– Då må vi skrive merknader.

For elevane risikerer nedsett ordenskarakter om dei blir tekne med snus eller røyk, seier ho.

– Det kan sjølvsagt vere ei utfordring å handheve forbodet når det gjeld snus, røyken trur eg skal vere lettare, for det er faktisk ikkje så mange elevar som røyker no.


Og Sondre Solvik trur lærarane skal få vanskar med å handheve snusforbodet.

– Eg trur ikkje dei har sjanse til å handheve det. Dei som snusar kan gjere det utan at læraren ser det. Dei kan ikkje rote inni munnen på elevane for å sjå om dei snusar.

Mo og Øyrane vidaregåande skule

FORBOD FRÅ 1. JULI: No er det forbode både å røyke og snuse i skuletida på m.a. Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Skaper ikkje problem for andre

Både Sondre Solvik og Lars Hermann Terøy seier snusen er viktig for dei.

– Er du avhengig slit du med å konsentrere deg. Det er noko du må ha for å berolige deg sjølv, seier Lars Herman.

– Eg ser ikkje problemet med snus,då er tyggis eit like stort problem. Så lenge folk kastar det i bosset eller i boksane sine så skaper det eigentleg ikkje noko problem for andre, seier Sondre.

Begge seier at dei kjem til å halde fram med å snuse i skuletida.

– Rett til røykfritt miljø

Hilde Skyvulstad som er avdelingsdirektør i folkehelsedivisjonen i Helsedirektoratet forstår at det kan vere vanskeleg å halde skulen heilt tobakksfri.

– Det vil kanskje vere ei utfordring å handheve dette forbodet, iallfall i starten, men forbodet er eit viktig signal om at vi ynskjer at barn og unge skal ha rett til eit røykfritt miljø. Vi veit at også røykelova hadde mykje motstand i starten, men det er mange som er for lova i dag.


.