Får eitt av landets strengaste tobakksforbod - bannlyser snus

I dag vart eit av landets strengaste kommunale tobakksforbod innført i Lærdal. Men dei ville gjerne hatt det endå strengare, om dei berre fekk lov.

Røyk- og snusforbod i Lærdal

RØYKFRI PÅ JOBB: Det var her Laila Kvigne (til venstre) og Renate Fossen (til høgre) brukte å ta seg ein røyk i arbeidspausane. Men etter at personalsjef Inger Bakken (i midten), og administrasjonen i Lærdal innførte røykeforbod, er rådhusbalkongen tom, og askebegeret kan tas bort. No skal også snusen i Lærdal avgrensast.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Me må jo halde oss til dei lovane og reglane som gjeld, men i utgangspunktet kunne eg tenkt meg at me kunne ha bestemt dette sjølv, seier rådmann i Lærdal, Alf Olsen.

Ikkje lov å totalforby

Han hadde opphavleg føreslege eit totalt røyk- og snusforbod for alle kommunalt tilsette i Lærdal. Ingen tobakk i arbeidstida.

Men då det viste seg at regjeringa i fjor stoppa eit liknande forbod i Nordland, såg Lærdal kommune seg nøydd til å moderere forbodet sitt.

AlfOlsen

GJEV RÅD OM SNUSFORBOD: Alf Olsen, rådmann i Lærdal, hadde gjerne sett at snusforbodet hadde vore endå strengare.

Foto: Erlend Blaalid Oldeise / NRK

– I løpet av sakshandsaminga vart me kjende med at me eigentleg ikkje har noko lovheimel til å forby all snus. Me har difor sagt at dei som er i direkte kontakt med brukarar ikkje skal bruke snus i arbeidstida, forklarer Olsen, og legg til at han vil tilrå andre tilsette om å også legge bort snusen medan dei er på jobb.

Også politikarane må kutte

Torsdag føremiddag vart det modererte forslaget vedteke av kommunestyret. Alle kommunalt tilsette får ikkje snuse så lenge dei er i kontakt med brukarar. Sidan snus allereie er forbode ved skular og barnehagar i Lærdal, omfattar dagens vedtak at også pleiarar innan helse og omsorg må droppe snusinga medan dei er på jobb.

Dagens kommunestyrevedtak fører også til at alle kommunalt tilsette som treng det, vil bli tilbode røykesluttkurs.

Eit tilleggsforslag om at røykesluttkurset og forbodet også skal gjelde dei lokale politikarane vart også banka gjennom.

Lærdal rådhus

RØYKFRITT ARBEIDSMILJØ: Ved rådhuset i Lærdal har det vore røykeforbod sidan mai i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dagens vedtak er berre nok ei innstramming av Lærdal sitt tobakksreglement, som allereie er ganske strengt. I 1994 vart det innført røykeforbod for tilsette ved skular og barnehagar, i 2009 vart forbodet utvida til også å gjelde snus, og i mai i fjor vart rådhuset totalt røykfritt.

Dei tilsette kan heller ikkje gå bort frå arbeidsstaden for å røyke.

– Ingen røykepoliti

Personalsjef i Lærdal, Inger Bakken har gode erfaringar med røykeforbodet som kommunen har praktisert dei siste åra. Ho trur mange tilsette berre treng eit lite dytt bak for å få slutt på røykevanen.

– Det er klart at det har blitt redusert røyking i arbeidstida, og det har blitt akseptert at slik er det. Det var jo uleveleg med ei gong det kom, seier personalsjefen.

Ho legg til at det ikkje vil bli tilsett noko røykepoliti i Lærdal, og at kommunen vil legge til rette for ei tilvenningsordning om det skulle vere ønskjeleg for nokre av dei tilsette.

– Røykeforbodet har gått greitt

To av dei tilsette som allereie er råka av forbodet, er Laila Kvigne og Renate Fossen. Dei er tilsette ved rådhuset, er begge røykarar, og har sidan mai i fjor vore nøydde til å legge sigarettpakken att heime. Det synest dei er heilt greitt.

– Det har gått over all forventing. Det er berre å stille om oppi hovudet, så det har aldri vore noko problem. Det er berre ein uvane som må brytast. Det gjekk overraskande fort, seier dei og legg til:

– Røykeforbodet var eit høve til å kutte det ut, seier dei to servicemedarbeidarane på rådhuset i Lærdal.