Hopp til innhold

No skal dalsfjordingane vise at brua ikkje var ei feilinvestering

Då Dalsfjordbrua vart opna laurdag var Fjaler-ordførar Arve Helle klar i talen sin på at no skal dalsfjordingane vise at brua ikkje er ei feilinvestering.

Arve Helle og Frda Melvær med bru-klem

KLEM FOR BRUA: Ordførarane Arve Helle og Frida Melvær forsikrar at no skal brua brukast.

Foto: Alf Vidar Snæland

– I dag, i kveld og i natt skal vi feire. I morgon skal vi kvile, men frå måndag av skal vi vise at denne brua har livets rett.

Då opninga var over gav han og Askvoll-ordførar Frida Melvær kvarandre ein god og varm klem.

Vegaksjonist Rolf Losnegård seier det blir spennande å sjå framover om brua fører til den forventa auken i kommunikasjonen mellom folk. Han er ein mann som er flink med ord, men han vedgjekk at han hadde vanskar med å sette ord på kjenslene.

– Det var heilt stort, å vere i lag med 2-3000 menneske inne i tunnelen, det var ei heilt elektrisk stemning. Det er uråd å sette ord på det, det er nesten uverkeleg.

Rolf Losnegård

- UVERKELEG: Rolf Losnegård (i alpelue) hadde vanskar med å sette ord på kjenslene.

Foto: Alf vidar Snæland

Det var fylkesordførar Åshild Kjelsnes som opna brua, men det var ikkje tvil om kven som var heidersgjest nummer ein under opningsseremonien. Då leiar Rolf Kleiven i Aksjon Dalsfjordbrua framheva Liv Signe Navarsete spesielt, svara 3000 frammøtte med trampeklapp for den tidlegare statsråden.

Rolf Kleiven og Liv Signe Navarsete

SKÅLA FOR BRUA: Rolf Kleiven og Liv Signe Navarsete tok eit glas champagne høgt over Dalsfjorden.

Foto: MMS-foto: Kjell Arvid Stølen

– Magisk augneblink

– Vi i aksjonskomiteen har hatt eit fantastisk samarbeid med Liv Signe Navarsete. Snakk om å stå på det ho har prioritert. Heilt fantastisk den innsatsen ho har gjort for oss. Ho var den som fekk den største responsen frå dei frammøtte, og det er ektefølt frå HAFS-regionen, sa Kleiven.

Ei tydeleg rørt Liv Signe Navarsete reiste seg opp for å ta imot applausen under opningsseremonien for Dalsfjordsambandet.. Til NRK sa ho etterpå at ho ikkje var heilt budd på slik ros.

– Eg vart nesten feia av scena. Det er noko som heiter magiske augneblinkar. Akkurat dette var ein slik, der alle hadde den same kjensla, den gleda over at vi er der vi er i dag.

Hadde ho framleis vore statsråd hadde det nok sikkert vore ho som skar av snora som markerte at den etterlengtra brua var opna.

– Det betyr ingenting, det er rett at fylkesordføraren klipper snora, det er fylkeskommunen sitt prosjekt, som eigar og som den som har drive fram prosjektet.

– For meg er ringen slutta, eg kom i fylkestinget i 1995 saman med Rasmus Felde. Han overtydde meg om at dette prosjektet måtte Senterpartiet stå for. Det er tankevekkande å vere her i dag.

Opning av Dalsfjordsambandet

STAPPFULLT I TUNNELEN: Det verka som alle som kunne krype og gå i Dalsfjorområdet hadde møtt opp i Nishammartunnelen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Audmjuk over å stå her

Rasmus Felde var og til stades på bruopninga. Han hugsar godt kampen på 1990-talet og gler seg over at Liv Signe Navarsete nemnde han.

– Ja, det var godt å høyre, for ho har iallfall vore så engasjert at det er imponerande, og det varma å høyre den strålande applausen som vart henne til del.

Sjølv var han rørt over å kune stå på den etterlengta brua.

– Eg er audmjuk over å kunne stå her og sjå utover fjorden på eit slikt monument som har kome på plass i dag. Det er kjekt å få oppleve det, det er dessverre mange som ikkje fekk oppleve denne dagen.

Aksjon Dalsfjorbrua-komiteen

I RAUDE FLOSSHATTAR: Aksjonskomiteen hadde stilige hattar i høve dagen.

Foto: Alf Vidar Snæland