Hopp til innhold

Bruaksjonist fekk ta jomfruturen

I over 40 år har bruaksjonist Rolf Losnegård kjempa for ei bru over Dalsfjorden. I dag var endeleg dagen komen for ein jomfrutur over den etterlengta brua.

I 1995 hadde sambandet allereie fått kallenamnet Skandalevegen. Kritikarane meinte det var altfor mykje pengar å bruke på dei få som kom til å få bruk for den. Men laurdag opnar endeleg Dalsfjordsambandet som knyt saman Fjaler og Askvoll i Sogn og Fjordane.

ENDELEG: Etter fleire tiår med kamp står Dalsfjordsambandet ferdig. Laurdag er det duka for høgtideleg opning.

– No møter eg brua her, ei brua vi har jobba for i så mange år, seier Losnegård oppglødd.

Då NRK er med han dagen før dagen er det ingen tvil om at det er ein glad mann som får ta turen over Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. For aller første gong over ei bru, i staden for ferje mellom Dale og Eikenes.

– Det er ei heilt fantastisk kjensle å køyre over denne brua, og over denne fjorden som vi har kryssa så mange gonger med ferje. Det er heilt uverkeleg på ein måte, seier Losnegård.

I morgon opnar Dalsfjordsambandet som knyt saman Fjaler og Askvoll. Men vegen til ei ferdig bru over fjorden og tilhøyrande tunnelar har vore lang og kronglete. Historia fortel om løftebrot, vegar som stoppa i ingenmannsland og ei dødsulukke.

Ein annan som gler seg til bruopninga laurdag er Fjaler-ordførar Arve Helle.

– Det har vore oppturar og nedturar etter ein annan, og vi tvilte mange gonger, men aldri utad. Vi har stått på, og det er mange å takke for at dette blir ein realitet.

Rolf Losnegård har i fleire tiår kjempa for Dalsfjordbrua. I dag fekk han som førstemann køyre over brua han har jobba så hardt for.

FØRSTEMANN: Rolf Losnegård fekk prøvekøyre brua dagen før opninga.