NRK Meny
Normal

Ein person henta med luftambulanse etter ulukke på E39

To personar er innlagt på sjukehus etter ei trafikkulukke i Mogrenda mellom Hornindal og Nordfjordeid.

Trafikkulukke, Nordfjord, E39.

KRASJ: To personar er frakta til sjukehus etter ulukka.

Foto: nrk.no-tipsar

Naudetatane fekk melding om ulukka på E39 i Nordfjord like før klokka 12.

AMK melder torsdag kveld at tilstanden til begge dei to involverte er stabil. Den eine av dei to har fått moderate skader, medan den andre er lettare skadd.

– Ein personbil har køyrd på ein annan bil bakfrå. Ein person er frakta til Sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse og ein annan er køyrd i ambulanse til sjukehuset på Nordfjordeid, seier Siv Sørstrand som er vaktleiar på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

E39 var stengt og hadde manuell dirigering ei tid etter ulukka.

Politiet har oppretta sak etter ulukka og ein bilførar har blitt fråteken førarkortet.

Mogrenda
Foto: Kart / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune