Hopp til innhold

Trafikklys skal få sjømatnæringa på rett veg

FLORØ (NRK): Raudt, gult og grønt lys skal hjelpe sjømatnæringa til å bli meir miljøvenleg.

Lakseoppdrett (montasje)

SOM I TRAFIKKEN: Dei er ikkje til å misforstå, trafikklysa. No vil regjeringa bruke liknande definisjonar i kontrollen av oppdrettsnæringa.

Foto: NTB Scanpix/NRK

– Trafikklys er ein ny måte å regulere produksjonskapasiteten i havbruksnæringa på. Viss miljøkonsekvensane er for store, får ein raudt lys, og produksjonen må reduserast, forklarer Yngve Torgersen.

Yngve Torgersen

VIL TESTE: Yngve Torgersen i Nærings- og fiskeridepartementet håpar trafikklys kan gjere sjømatnæringa meir miljøvenleg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han er avdelingsdirektør i Nærings- og fiskeridepartementet og presenterte onsdag den nye trafikklysordninga under ein sjømatkonferanse i Florø.

Grønt lys = alt på stell

– Lyser trafikklyset gult, betyr det fare og pass på. Då blir produksjonskapasiteten frosen. Er miljøtilstanden god, og det er grønt lys, så kan ein auke produksjonskapasiteten.

Den nye ordninga skal testast til våren. Torgersen reknar med at dei første avgjerdene blir tekne tidleg i 2017. Han har inntrykk av at dei som driv i oppdrettsnæringa er positive til dei raude, gule og grøne lysa.

– Dei ser at dei er i ei næring som må drive på naturen sine premissar. Eg trur dei er samde i hovudtrekka i dette. Dei er avhengige av eit godt omdømme, seier avdelingsdirektøren.

Oppdrettsanlegg

FÅR STRENGE KRAV: Oppdrettsanlegg som blir definerte som miljøverstingar vil få raudt lys og ikkje ha høve til å auke produksjonen.

Foto: Jens Kyed / NRK

Litt avventande ...

Blant dei som no må ta omsyn til departementet si lystavle, er Salmon Group. Kvalitetssjef Solveig Willis er avventande til korleis ordninga i praksis skal handhevast.

Solveig Willis

SPENT: Kvalitetssjef Solveig Willis i Salmon Group er klar for å prøve ut den nye trafikklys-ordninga, men stiller seg avventande til korleis det vil fungere i praksis.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har jobba slik i mange år. Forskjellen er at trafikklyset vil gjelde for eit område. Det vil seie at enkelte anlegg kan gjere mykje bra, men området vil bli regulert ut frå heilskapen. Det er viktig å ha tiltak mot dei enkelte selskapa, at dei tek vare på miljøet, poengterer Willis.

Dårleg rykte

Sjømatnæringa set stadig nye eksportrekordar, og mange kan tenke seg å produsere meir for å fôre den utanlandske marknaden med stadig meir norsk fisk. Samstundes blir oppdrettsnæringa ofte framstilt som ein miljøversting. Korleis ein skal kvitte seg med stempelet, og ikkje minst kampen mot næringa sitt store hinder – lakselusa – er tema på det to dagar lange seminaret i Florø.

– Det blir gjort mykje bra, og mykje har endra seg på få år. Ein jobbar med å komme seg vekk frå behandling med medikament, og heller ta i bruk andre verkemiddel., seier Willis.

Sjømatseminar i Florø

MILJØ OG FORSKING: Korleis kan sjømatnæringa kvitte seg med eit noko rufsete miljøstempel. Det er blant tema på konferansen som onsdag og torsdag blir arrangert i Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etterlyser meir forsking

På seminaret i Florø er forsking eit viktig tema. Norges Forskingsråd sin utsending meiner ein i større grad bør bruke forskinga innan sjømatnæringa, og viser til at ein har gode røynsler frå både Rogaland og Hordaland, der næringa har gått saman med forskarar for å overvake fjordsystema.

Morten Bergslien

– SNAKK SAMAN: Morten Bergslien i Forskingsrådet meiner både næringa og forskarar må bli flinkare til å søke svar på oppdrettsnæringa sine miljøutfordringar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Men ansvaret ligg i ikkje berre på næringa sjølv. Eg trur også forskarane må bli flinkare til å vise kva dei kan bidra med inn i næringslivet. Der har vi nokre utfordringar, seier Morten Bergslien.

Betre miljø – meir oppdrettsfisk

Så er spørsmålet: Er oppdrettsnæringa så miljøvenleg at det er rom for å auke produksjonen vesentleg? Avdelingsdirektøren i Nærings- og fiskeridepartementet trur trafikklys-ordninga kan vere ein nøkkel i dette arbeidet.

– Viss vi tek dei rette grepa, kan vi produsere mykje meir enn kva vi gjer i dag, trur Yngve Torgersen.