Statuen av Oddvar Torsheim er no på plass på Festplasstangen i Førde sentrum. Men vegen fram til der statuen står i dag har vore både lang og kronglete. Førde kommune ville først ikkje ha den, det vart hevda at den ikkje heldt kunstfaglege mål. Ein privat kunstelskar kjøpte så opp statuen for å pynte opp sin eigen hage. Men der passa den ikkje inn, og han ga bautaen i gåve til Førde kommune - som denne gong takka ja.
Jubilant
Søndag fyller Oddvar Torsheim 65 år, og statuen skal offisielt avdekkast i det høvet. Det er kunstnaren Stig Eikaas som har laga statuen, og Eikaas fryktar ikkje at han skal vekke harme. Han syns derimot at statuen er vakker der den står langs elvekanten.
Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK Sogn og Fjordane