NRK Meny
Normal

Tord meiner han sparar samfunnet for millionar

BERGEN (NRK): Etter ei skiulukke måtte han få hjelp frå sjukepleiarar til toalettbesøk. Det hindra rullestolbrukaren i å leve livet, men så kom ideen om hjelpemiddelet som fekk han tilbake i full jobb og eit sjølvstendig liv.

Tord

15.000: Tord Are Meisterplass trur at så mange som 15.000 personar berre i Noreg kan ha nytte av Dignum.

Foto: JØRGEN EIDE / NRK

– Eg fortalde kompisane mine at eg ikkje klarte dette med avføring etter at eg blei lam. «Korleis kan vi løyse det», spurde dei tilbake, seier Tord Are Meisterplass.

22. mars 2015 tok livet ei brå vending for den aktive sogndølen. Den fløyelsmjuke snøen gav perfekt gli på skia den dagen, men i eit hopp gjekk det gale. Meisterplass trefte eit tre, og under han låg puddersnøen som kald betong.

Den dagen fekk han brot mellom nakkevirvel c6 og c7, og eit liv i rullestol. Alt måtte lærast på nytt.

28-åringen ville tilbake til jobben som ingeniørgeolog. Det å vere fullstendig avhengig av sjukepleiarar kvar einaste dag, gjorde det likevel vanskeleg. I ein samtale med kompisar kom tanken på eit hjelpemiddel kalla for «Dignum». Ei tong med kamera, lys og skjerm til toalettbesøk endra livet på nytt for halvtannan år sidan, og erstatta hjelpa frå sjukepleiarane.

– Det er grunnen til at eg kan vere 100 prosent på jobb, og er noko av det viktigaste og kjæraste eg eige. I mitt tilfelle har vi rekna på at eg sparar staten for i underkant av ein million kroner i sjukepleiarkostnadar, og i verdiskaping på jobb kring to millionar.

Dignum

TOALETT: Hjelpemiddelet skal hjelpe menneske på toalettet med å blant anna sette avføringsmiddel utan hjelp frå andre.

Foto: INDEPENDENCE GEAR

Fleire testar

Den første serien med «Dignum» er klar for brukartesting på Sunnaas sykehus og Spinalenheten på Haukeland universitetssjukehus.

– Viss dette hjelpemiddelet kan hjelpe ryggmergsskadde å bli meir sjølvstendige, så er det i tråd med måten vi jobbar med rehabilitering på, seier overlege ved spinalavdelinga på Haukeland, Petter Schandl Sanaker.

Ryggmergsskadde mister ikkje berre rørsle, men ofte kontroll over blære- og tarmfunksjonen.

– Tarmtømming er for mange ryggmergsskadde eit vesentleg hinder for å ta opp igjen eit aktivt liv, både sosialt og på arbeid.

– Ikkje sexy

Meisterplass rosar sjukepleiarane som hjelpte han når han trengde det, men sakna sårt sjølvstendet han hadde før.

– Når eg ligg ein sundagsmorgon med kjærasten på armen, så er det kjipt om det kjem ein sjukepleiar inn på døra og seier «no skal du på toalettet». Det er ikkje sexy.

Meisterplass

ENDRA LIVET: No håper Meisterplass at andre kan dra nytte av oppfinninga.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Håpet er at hjelpemiddelet kan spare Norge for hundretals millionar, men det viktigaste for Meisterplass er at andre kan kjenne på sjølvstendet som han fekk tilbake etter ulukka. No håper han å nå ut med eit tema som for mange er litt tabu.

– Det er vanskeleg å sette ord på kor mykje det betyr for meg å klare seg sjølv, styre sitt eige liv og sleppe nokon som hjelper deg på do og tørkar deg i rumpa, seier Meisterplass.

Reporter Arve Uglum ser videoen som syner ulykka der Tord Are Meisterplass knekker nakken og blir lam.

FANGA ULUKKA PÅ FILM: I 2016 lét han NRK-journalist Arve Uglum sjå videoen frå ulukka som endra alt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.