Hopp til innhold

Ingen pasientar på føden - men legar tener 40.000 kroner i veka

Svenske vikarlegar får 40.000 kroner i veka for å ha vakt på tom fødeavdeling ved Lærdal sjukehus.

Lærdal sjukehus

TOMT: Det er for tida ingen fødande kvinner på sjukehuset i Lærdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– No er det ingen her, stadfestar overjordmor Marianne Øren.

VG har denne veka besøkt det nedleggingstruga lokalsjukehuset. Dei skriv i dagens papirutgåve at det verken var babygråt eller nybakte foreldre i lokala.

Få pasientar

Den svenske overlegevikaren Leif Bungum og dei rundt 15 andre kollegane hans tener 40.000 kroner i veka for å jobbe på sjukehuset i Lærdal.

Bungum reiser frå det svenske Universitetssjukehuset i Skåne to veker i året, men han har som regel lite å gjere:

– Eg kom på laurdag. Eg har hatt nokre frå pasientar på poliklinikken, men elles har det ikkje vore noko, seier Bungum til VG.

– Kan ikkje køyre i over to timar

I fjor vart det fødd 85 born i Lærdal og i 2009 var talet 61. I periodar kan det gå over ein månad mellom to fødslar ved sjukehuset.

Både styret i Helse Vest og i Helse Førde har vedteke å legge ned føde- og akuttilboda på lokalsjukehuset i Lærdal og på Nordfjordeid.

– Du kan ikkje be nokon om å køyre tre og ein halv time i ein fødesituasjon. Det går rett og slett ikkje an, seier overjordmor Marianne Øren til VG.