Hopp til innhold

Tolvåring vil starte broderingsgruppe i Lærdal

FØRDE (NRK): På UKM-festivalen i Førdehuset denne helga lærer ungdommar å brodere. Med kurset Geriljabroderi tek Sogn og Fjordane Husflidslag eit oppgjer med det nusselege handarbeidet.

Marcus Sørensen

HELT: Deadpool er ein av heltane i X-MEN og gjer seg godt i korssting, synest Marcus Sørensen (12).

Foto: Martha Våge / NRK

– Finst det ei eiga geriljabroderigruppe i Sogn og Fjordane? Kanskje eg skal starte ei i Lærdal, undrar Marcus Sørensen (12) frå Lærdal.

Han har aldri brodert før, men har strikka litt. No held han på å brodere logoen til ein av heltane i Marvel-teikneserien, X-men.

– Eg veit ikkje heilt kva gerilja tyder, men mamma forklarte meg litt kva dette kurset gjekk ut på og då syns eg det høyrdest kjekt ut, seier Sørensen.

Med UKM som rekrutteringsarena

På Førdehuset er det UKM-festival i helga. Her er det samla over 250 ungdommar frå heile fylket, og det er ei glimrande anledning for Husflidslaget å spreie bodskapen sin.

– Vi kan ikkje berre vere ein gjeng med gamle damer som sit og broderer tradisjonelle og nusselege mønster. Vi må få med dei unge, og då kan vi ikkje vere so fastlåste i kva som er lov, seier Marit Andersen, leiar i Sogn og Fjordane Husflidslag.

Marit Andersen og Marcus Sørensen

HJELP Å FÅ: Marit Andersen frå Sogn og Fjordane Husflidslag hjelper Marcus Sørensen med å teikne på bokstavar.

Foto: Martha Våge / NRK

Kreativt opprør

Det er berre nokre få timar til Sørensen skal stå på scena i Førdehuset med bandet sitt og spele låten «Wild Thing» av The Troggs. Han er eigentleg ganske nervøs, men prøver ikkje å tenke på det.

– Kan du hjelpe meg å knyte tråden? Baksida ser ikkje ut, sukker han.

– Det gjer ikkje noko det, seier broderingssjefen Andersen.

–Når ein driv med geriljabrodering er alt lov. Det er det som gjer det so kjekt, det er eit slags opprør til reglane, avsluttar ho.

UKM Sogn og Fjordane 2016

Marcus Sørensen deltok med gruppa si Band 1 og songen "Wild thing" under UKM.