Hopp til innhold

Dei tok ut nær 20 millionar kvar i utbytte frå Moods

Gründerane bak Moods of Norway svevde på ei økonomisk god rosa sky i fleire år før dei denne veka måtte gå til skifteretten.

Peder Børresen og Simen Staalnacke

ROSA LUKKE: Peder Børresen og Simen Staalnacke har begge henta ut store midlar frå Moods of Norway. No er selskapet konkurs.

Foto: F Kyrre Lien/Scanpix

Det er Finansavisen som melder i dag at inntektene i det no konkursråka konsernet har vore gode for kameratgjengen som starta moteeventyret i 2005. Frå 2007 til 2012 var utbyttet til eigarane på om lag 70 millionar kroner.

Alle som stod bak satsinga har fått utbytte, men det er frontfigurane Simen Staalnacke, Peder Børresen og Jan Egil Flo som har tatt ut mest med nær 20 millionar kroner kvar.

Ifølgje avisa tok tre av bakmennene; Simen Staalnacke, Peder Børresen og Jan Egil Flo ut nær 20 millionar kvar.

Selskapa har høg gjeld

Moods of Norway sine selskap i Norge gjekk denne veka til skifteretten med krav om konkurs. Etter svært gode år måtte eigarane innsjå at inntektene ikkje lenger var gode nok til å halde liv den fargerike satsinga.

Då dagleg leiar Jan Egil Flo gjekk til skifteretten onsdag ettermiddag var gjelda i dei to norske Moods-selskapa 112 millionar. Dei siste dagane har det vore hektisk møteverksemd og bustyrar Asbjørn Løvik jobbar no med å finne ei løysing.

– Det er mange som har meldt si interesse for selskapet. Desse er interessert i å kjøpe deler eller heile selskapet, sa Løvik til NRK i går.

Utlandssatsing slo feil

Dei sentrale personane i selskapet har i stor grad ikkje vore tilgjengelege for media sidan onsdag, men dagleg leiar Jan Egil Flo letta på sløret i går. Han innrømmer at den store satsinga på å nå fram i utlandet har mykje av skulda.

– Utlandssatsinga er ein viktig årsak til underskotet vårt, samtidig har valutaen slått oss midt i fleisen. Hadde dollaren mot krona vore lågare, så hadde vi hatt hundre millionar meir på konto, meiner Flo.