Det er Carisma Fish i Måløy som eig Kamaro. Dagleg leiar Arild Årvik reagerer på framgangsmåten til Kystvakta. - Vi føler oss til tider litt forfølgde. Det å borde på ein slik måte er heilt unødvendig, spesielt sett i lys av at det er nye blåkveiteføreskrifter som gjer at det er lovleg for Kamaro å liggje der han låg, seier Årvik.
Kamaro. Foto: www.fiskebat.no
Låg utanfor radarhald
Det var 14. mars at eitt av helikoptra til Kystvakta brått hengde over Kamaro, som var på forskingstokt på Tromsøflaket. Det var også KV-Nord orientert om. Likevel la kystvaktskipet seg utanfor radarområdet til linebåten, og kom på overraskande kontroll frå lufta. I kommandostil firte inspektørane seg om bord, og ville ikkje tru det då mannskapet sa dei var på forskingstokt. Ikkje før forskarane frå havforskingsinstituttet la fram dokumentasjon, vart mannskapet trudd.
Føler seg som ein kjeltring
Årvik synest lite om metodane til Kystvakta. - Vi er ei gruppe som har fått søkjelyset på oss, og når vi plutseleg vert borda med helikopter, føler vi oss behandla som kjeltringar, seier han.