Hopp til innhold

Tok 20 trimpostar i løpet av 30 timar på ski

Honndølene Tarjei Lødøen og Kristoffer Haugen hadde ein skitur litt utanom det vanlege i helga.

På Sandfjellet

FLOTT: - Vi hadde fantastiske forhold på turen, seier Kristoffer Haugen, som saman med Tarjei Lødøen var på ein 30 timar lang skitur i helga.

Foto: privat

Dei gjennomførte nemleg 20 trimpostar på ski – og det i løpet av 30 timar.

– Det var eigentleg søskenbarnet mitt, Magnus Sollid, som kom på ideen. Vi skulle eigentleg prøve for ein månad sidan, men då kunne ikkje eg, fortel Haugen.

Tre andre kompisar drog av garde likevel, men dei fekk litt problem på tredje posten.

– Det var litt dårleg sikt og dårlegare vêr. Difor tenkte vi at vi måtte prøve ein gong til, seier Haugen.

Opplevde både sol- og måneskinn

Karane starta laurdag morgon i 06.30-tida, og så var vi i mål søndag klokka 13, seier Haugen.

Turen starta i Hornindal sentrum og ruta gjekk via Ytrehornsnakkjen, Otredalssetra, Otredalsskaret, Kviven, Høgenibba, Storesetra, Tussen, Sandfjellet, Blåvatnet, Honndøla bru, Muldsvorhornet, Kupa, Daurmålhornet, Holeskarsetra, Gulekoppen, Storehornet, Setrehornet, Kirkhornsetra, Vikasetra, Middagsfjellet og Kjøsahalsen.

Flott utsikt

VAKKERT: - Vi opplevde både soloppgang og solnedgang på turen, seier Kristoffer Haugen.

Foto: privat

– Turen gjekk veldig bra. Tilhøva var svært bra og vi hadde sol omtrent heile turen, samt måneskinn og stjerneklart. Det var heilt perfekt, seier Haugen.

Men litt utfordringar støytte dei likevel på.

– Det var litt roten snø her og der, så det var litt vanskeleg å komme seg ned frå eine toppen. Vi gjekk gjennom ein del, seier Haugen.

Tok litt lengre pause på natta

Men dei var likevel aldri inne på tanken om å bryte.

– Nei, aldri. Vi gira kvarandre opp og sa at å bryte var ikkje aktuelt, seier Haugen.

Dei passa på å ta gode pausar undervegs, slik at kreftene skulle halde heilt til mål.

– Ein liten periode på natta søkte vi også ly inne på ei hytte. Då var vi ganske tomme for energi. Men etter to timar der, heldt vi fram, seier Haugen.

Sjølv om turen var flott, var det ei god kjensle å vere i mål søndag ettermiddag.

– Det var ei veldig god kjensle. Då vi var på Middagsfjellet, på siste toppen, og visste at vi hadde lagt alle motbakkane bak oss, då var det ikkje noko problem å gå resten, seier Haugen.

Prøvde seg på joggetur, men...

Vel framme, vart målgangen feira med burger og cola.

– Då var det behov for påfyll, lerHaugen.

Også i dag merkast det på kroppen at dei var på farten i 30 timar i strekk i helga.

– Eg var ute måndag og prøvde meg på ein liten joggetur. Men det sa fort stopp. Så eg trur eg må ta ein pause framover, seier Haugen.

– Men er du klar for nye utfordringar, på sikt?

– Å ja, heilt klart, seier Haugen.