Hopp til innhold

To personar frå Sogn og Fjordane sikta for overgrepsbilete

To personar frå Sogn og Fjordane er sikta og avhøyrde i samband med den nasjonale politikasjonen mot seksuelle overgrep mot barn.

Kripos - beslagbilde aksjon Share 2013

STORT BESLAG: Dette er utstyr som politiet har teke beslag i gjennom «Operasjon Share».

Foto: Politiet

Linda Åmelfot

ETTERFORSKAR SAKA: Politioverbetjent Linda Åmelfot seier det er svært grove bilete som er funne på datamskinene som har vore undersøkte.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tre datamaskinadresser her i fylket blir etterforska og to personar har vore avhøyrde i saka her i fylket. Den eine har vedgått å ha hatt ulovlege bilete, medan den andre nektar.

Poltitioverbetjent Linda Åmelfot seier det er svært grove bilete som er funne på datamaskinene som har vore undersøkte.

– Det er grove seksuelle overgrep mot mindreåringe barn. Det er snakk om både små barn og litt eldre barn, seier ho.

Prøver å finne den tredje personen

Det er tre IP-adresser i Sogn og Fjordane som blir etterforska. Åmelfot seier dei førebels ikkje har nokon mistenkt på den tredje adressa.

– Vi skal gå gjennom beslaga og etterforskinga vil då seie noko om den IP-adressa vi ikkje har nokon mistenkte i.

Straffaramma for denne type brotsverk, etter paragraf 204a i straffelova, er bøter og fengsel i inntil tre år.

Store beslag

Politiet gjekk onsdag til aksjon i alle politidistrikta i landet. 73 personer frå heile landet er sikta for å ha overgrepsbilete etter at politiet starta aksjonen «Operasjon Share». Fleire av dei sikta er tidligare dømde for fysiske seksuelle overgrep.

Politiet har avhørt flere vitner, og beslaglagt 173 datamaskiner og 469 lagringsenheter. I løpet av ti dagar er det på fildelingsnettverket funne over 600.000 bilder som politiet trur er straffbare.

Etterforskar vidare

Aksjonen er eit resultat etter at Kripos har etterforska personar som deler overgrepsmateriale på fildelingsnettverket «eDonkey2000».

Målet med aksjonen er å hindre distribusjon av overgrepsmateriale og avdekke fysiske overgrep mot barn.

Kripos presiserer at det per no ikkje ligg føre informasjon om fysiske overgrep i dei 68 sakene. Dette vil avklarast gjennom vidare etterforsking i politidistrikta

– Basert på tidlegare saker, veit vi at ein stor del av dei som sit på og deler overgrepsmateriale også sjølv gjer seksuelle overgrep, opplyser Kripos.