Og det var ikkje kven som helst som stod for opninga. Skipresident Erik Røste og sportssjef Clas Brede Bråthen vinka utfor kvar sin hoppar i dei to bakkane, den eine med kritisk punkt på 15 meter, den andre på 40 meter.
Grunnen til så storfint besøk er at Norges Skiforbund avviklar tinget sitt i Loen komande helg.
Bråthen meiner plastbakkane vil legge eit godt grunnlag for utvikling av hoppmiljøet i Nordfjord.
– Det har blitt eit fantastisk anlegg for heilårsbruk. Eg trur hoppmiljøet i området kjem til å blomstre opp som følgje av dette. Det ligg til rette for vidareutvikling av det flottaste hoppanlegget mellom Oslo og Trondheim.
– Fleire topphopparar
Han ser ikkje bort frå at ein no kan få fram fleire hopparar av same kaliber som Anders Fannemel.
– Dei har fått fram mange gode skihopparar i området trass i anleggssituasjonen. Når denne situasjonen no betrar seg kraftig er det lett å rekne seg til at vi kan få endå fleire topphopparar. Men det viktigaste er at vi har fått eit anlegg for skileik og skiglede.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– No er agnet lagt
Anders Fannemel tok sine første svev i Bjørkelibakkane som 11-12-åring. Leiar Oddvin Myklebust i Veten IL håpar at dei med to plastbakkar kan få mange til å prøve seg på hoppsporten tidlegare enn det.
– No er agnet lagt ut. Eit plastbakkeanlegg er lettare tilgjengeleg for leik og moro med skihopping enn eit vinteranlegg. For til no har vi vore heilt avhengige av at bakkane har vore preparerte, og det blir dei berre til treningar og renn.
– Med eit plastbakkeanlegg er det så og seie berre å slå på kranane, så kan ein hoppe kva tid ein vil på døgeret, det inviterer mykje meir til skileik.
– Dette er kjekt
No trur han at hoppmiljøet i Nordfjord kan rekruttere fleire utøvarar både lokalt, regionalt og nasjonalt.
– Vi i Veten IL har bygt ut anlegget og har i dag overrekt det til hoppsporten. No håpar vi dei vil vere flinke til å bruke det og styre aktivitet dit. Vi såg i dag at dette er kjekt.
Hoppbakkane på Vangen har æra for at Anders Fannemel tok til med skihopping og fekk vidareutvikla interessa, seier Myklebust.
– På den tid var det eit godt miljø med aktive foreldre i Veten Il og Hornindal IL, og bakkane er gode, slik at dei fekk like gode tilhøve som elles i landet.
Og no ligg det til rette for skihopping året rundt i bakkane på Vangen.