NRK Meny
Normal

No kan du lade elbilen fleire stader

I sommar har det komme ladestasjonar på Sandane og på Jølstraholmen Camping i Jølster.

Ny ladestasjon på Jølstraholmen

NY: Kristine Hjelmbrekke ved den nye hurtigladestasjonen ved Jølstraholmen.

Foto: Elgrim Fossheim / NRK

Det har gått relativt seint med etablering av hurtigladestasjonar for elbil sidan den første kom på Oppedal i desember 2012. Men det kjem seg sakte men sikkert.

Sist ut er ladestasjonen på Jølstraholmen Camping i Jølster. Den er bygd på private midlar, med støtte frå Innovasjon Noreg, Transnova og fylkeskommunen.

– Vi har hatt to til tre ladingar kvar dag sidan vi starta. Dei fleste er pendlarar, seier Kristine Hjelmbrekke ved Jølstraholmen.

Ikkje for dei nervesvake

Sjølv om det stadig blir kortare mellom ladestasjonane, er det å køyre elbil langs E39 framleis ikkje noko for dei med svake nervar.

Hjelmbrekke fortel om eit møte med ein sveitt elbilførar for to dagar sidan.

– Når han kom hit var det nesten som han trilla inn på plassen. Han spurte om neste ladestasjon og kor langt det var til Sogndal. Det var åtti kilometer, så han var litt smånervøs for om han klarte det, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elbil-ladestasjon på Sandane

KLAR TIL BRUK: Ladestasjonen på Sandane stod klar til bruk tidlegare denne månaden.

Foto: SFE

Stor etterspurnad

Noko uvanleg kan Jølstraholmen tilby ein frittståande kortterminal, slik at du kan bruke visakortet til betaling. Ho fortel at ladestasjonen har vore etterspurt av pendlarar frå både Bergen og Ålesund.

– Når vi søkte om midlar fekk vi ein del mail frå elbilistar som lurte på kvar vi var i prosessen, om det gjekk bra og om vi skulle få ein ladestasjon her, seier ho.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote