Bruken av elbilar har eksplodert dei siste åra, og gratis parkering, null i bompengeavgift og tilgjenge til kollektivfelta er blant goda som lokkar folk til å bytta ut bensin- eller dieselbilen til fordel for elektrisk.
Men Aall åtvarar mot å sjå på elbilen som ein miljøfrelsar.
– Dersom elbilen kjem i tillegg til vanleg bensin- og dieselbil, så blir den nødvendigvis ein del av problemet, og særleg om den då erstattar sykkel og buss i staden for vanleg bil. Det er diverre det me ser i ein god del tilfelle.
– Så dieselbilar kan vera betre enn elbilar?
– Nei, sjølv om vi tar med miljøkostnaden med å produsere bilane, viser utrekningar gjort av Vestlandsforsking at elbilar brukar 60 prosent mindre energi og har 70 prosent lågare utslepp av klimagassar enn dieselbilar. Men om elbilen blir bil nummer to, eller tre, og dieselbilen vert nytta like mykje som før familien skaffa seg elbil – så er miljøvinsten av elbil sjølvsagt svært liten, seier Aall og held fram:
– Men den største potensielle miljøvinsten med elbilen er ikkje skifte av drivstoff. Det å skifte frå bensin- eller dieselbil til elbil vil truleg vil gjere at du køyrer mindre samla sett. Klimavenleg transport handlar vel så mykje om å reise mindre som å gå over til nye energikjelder.
- LES OGSÅ: –
Styrk sykkel- og kollektivtransport
I byane blir elbil trekt fram som eit tiltak også mot lokal forureining. Aall er samd i at elbilen er betre enn bensin- og diesel lokalt, men kjem tilbake til at det finst endå betre alternativ.
– Isolert sett er elbilar bra for byane, men der har me andre løysingar som er endå betre. Bilar – elbilar så vel som bensin- og dieselbilar – tek plass, og det er ein lite effektiv måte å transportera ein person frå A til B, seier han.
– Det er langt meir effektivt å bruka pengane det offentlege brukar på elbilar til å styrke moglegheitene for gange, sykling og kollektivtransport. Det løyser plassproblema og forureiningsproblema lokalt endå betre, seier Aall.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vasskraft for kol er ein vakker tanke
– Når det blir produsert elektrisitet ved eit norsk vasskraftverk, vil det i praksis erstatta til dømes kolkraftverk i Europa, eller vil det bli produsert for mykje elektrisitet?
– Det er ein vakker tanke å ta ein norsk kilowatt frå vasskraft og nærmast pakka det inn og senda det til Polen og satsa på at dei slår ned ein kilowatt kolkraft der. Diverre er ikkje dei internasjonale avtalane som kan sikra det på plass, blant anna er prisen på utslepp av CO2 latterleg låg, og det gjer at kolkraftverk vil kunne utkonkurrera alle andre alternative energikjelder i dag og i nær framtid. Slik situasjonen er no og i nær framtid, med låg kapasitet på eksport av norsk elektrisitet, vil auka produksjon av fornybar energi i Norge lett føre til økt forbruk i Norge; i verste fall også økt sløsing med energi.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Kolkraftverk er no den største CO2-utsleppskjelda globalt og det er den som aukar desidert mest. Noko må gjerast for å redusera utsleppa frå kolkraftverk, men diverre er ikkje dagens klimaavtalar slik utforma at eksport av norsk fornybar energi vil redusere desse utsleppa, seier Aall.
– Då er det betre å finne nye bruksområde for den norske elektrisiteten. Det å bruke elektrisiteten på transportområdet i Norge, vel og merke på ein slik måte at fornybar energi kjem i staden for dagens fossil energi, vil difor vere eit fornuftig alternativ.