NRK Meny
Normal

To kongar er på fisketur i Lærdal

LÆRDAL (NRK) Det pågår eit historisk kongemøte i Lærdal. Kong Carl Gustaf av Sverige og kong Harald av Norge er på fisketur saman i Lærdalselvi.

Kong Carl Gustaf fiskar i Lærdal

KONGELEG LAKSEFISKE: Kong Carl Gustaf i hølen «Old Pastor» i Lærdalselvi måndag føremiddag. Her får han rettleiing i flugefiske. Den svenske kongen kom til Lærdal søndag ettermiddag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det er ikkje kvardagskost at to regjerande kongar står i same elv og fiskar. Men i elva som blir kalla «Dronninga blant lakseelvar» står dei to kongane og fiskar etter laks.

Kom etter kvarandre

Kong Carl Gustaf kom til Lærdal søndag ettermiddag. Kong Harald kom måndag ettermiddag. Begge bur på fasjonable Kapteinsgarden der flagget no blir heisa til topps kvar dag.

Les også: Her får Kongen laks i Lærdalselvi

Garden med eit hovudhus bygd av engelske lakselordar i 1870-åra, høyrer til milliardæren og kongevenen Hans Rasmus Astrup.

Kong Harald fiskar i Lærdalselvi

PÅ PLASS: Kong Harald var på plass ved si favorittelv måndag kveld.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Rett ut på fiske

Kong Carl Gustaf brukte ikkje lang tid på Kapteinsgarden etter ankomsten. Etter eit par timar var han og følget på plass i hølen «Old Pastor».

Carl Gustaf var kledd i ein av sine karakteristiske hattar då han fiska der i 21-tida søndag kveld. Han fekk hjelp av ein kleppar. Svenskekongen heldt fram med å prøve fiskelukka utetter kvelden søndag, og følget brukte tid rundt bålpanna til langt etter at mørket fall på.

Fiska med fluge

Måndag føremiddag var svenskekongen igjen på plass ved «Old Pastor» med ein kleppar som rettleia monarken i kunsten i å fiske med fluge.

Det verka som Carl Gustaf ikkje er like kjend med flugefiske som vår eigen kong Harald. Det vart korkje napp eller fisk på svensken før han reiste vidare etter klokka 12, truleg til lunsj.

Kong Carl Gustaf i Lærdalselvi

FISKAR: Carl Gustaf fekk etter kvart dreis på flugekasta sine.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Måndag kveld fiska Sveriges statsoverhovud igjen i «Old Pastor» og det same gjorde han tysdag føremiddag. Det er ikkje kjent om han har fått fisk.

Harald kom etter

Ein dag etter svenskekongen kom vår eigen kong Harald til Lærdal. Etter å ha teke imot eit privat besøk på Kapteinsgarden drog kongen rett til Lærdalselvi og fiskeplassen «Båthølen».

Cirka klokka 20.45 var han på plass. Med som kleppar var kjentmannen Torkjell Grimelid. Etter ein time drog kongen vidare for å fiske saman med kong Carl Gustaf lenger nede i elva.

På førehand har grunneigarane førebudd elvekantane med grasslått og rydding. Etter det NRK får opplyst, vurderer svenskekongen å reise heim tysdag ettermiddag.

To kongar i Lærdalselvi

Svenskekongen er i Lærdal med eit svensk fiskemagasin. Dei kosa seg rundt denne bålpanna til langt på kveld søndag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Kjærleik til Lærdal

Kong Harald har eit langt kjærleiksforhold til Lærdal og Lærdalselvi. Første gong han fiska her skal ha vore i 1953. Her har Kongen fiska eller jakta nesten kvart år sidan.

Lærdalselvi er ei av verdas mest kjende storlakselvar og er ofte vitja av kongelege og internasjonale kjendisar. Kongen har omtala Lærdalselvi som «mi andre dronning».

Dei siste åra har elva vore smitta av parasitten Gyrodactylus Salaris. Men i år rapporterer elveeigarane om den beste laksesesongen på 30 år. Håpet er at elva kan friskmeldast neste år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.