Hopp til innhold

Få legar i Sogn og Fjordane vil nekte å tilvise pasientar til abort

I 23 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane vil alle legane tilvise pasientar til abort. Det er berre i Flora og Høyanger legar vil reservere seg.

Lisa Førde Refsnes

PRAKSISEN ER LITEN: Det er få legar i få kommunar som vil reservere seg, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Pasientombodet i Sogn og Fjordane har undersøkt kor mange fastlegar i fylket som vil ikkje vil tilvise pasientar til abort.

Helse- og omsorgsdepartementet sende 21. januar ut høyringsbrev om ei lovendring som vil gje legar reservasjonsrett i abortspørsmål. Dersom helse- og omsorgstenestelova vert endra, skal legar som av samvitsgrunnar ikkje vil tilvise til abort, kunne reservere seg mot dette.

Kvinner må ikkje ha tilvising for å ta abort. Ei kvinne kan krevje abort sjølv og ta direkte kontakt med eit sjukehus.

Les meir om reservasjonsretten i faktaboksen.

Få legar vil reservere seg

Det er 26 kommunar i Sogn og Fjordane. Pasientombodet har fått svar frå alle kommunane.

– Vi registrerer at praksisen med reservasjon er liten i Sogn og Fjordane, seier Pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes.

– 22 kommunar har svart at dei ikkje har legar som reserverer seg mot enkeltoppgåver, seier Refsnes.

Høyanger og Flora

Men i eit par kommunar er det likevel legar som vil reservere seg.

Frå Flora opplyste fyrst kommuneoverlegen at kommunen korkje i fortid eller notid har fått melding frå fastlegar om reservasjon av samvitsgrunnar.

– Etter dette har ein av fastlegane offentleg sagt at han reserverer seg, og at han har gjort dette i fleire år, seier Pasientombodet.

Høyr radiosak om reservasjon i Flora kommune:

Også i Høyanger kommune finst legar som ikkje vil gje tilvisingar

– Høyanger kommune har to legar i kommunen som reserverer seg mot å tilvise pasientar til abort. Legane reserverer seg ikkje mot andre oppgåver, seier Refsnes.

– Ikkje eit problem for kvinner i Høyanger

Helse- og omsorgssjef i Høyanger kommune, Toril Varden, seier kommunen har 5 legeårsverk. Dei to legane som reserverer utgjer til saman ei av dei fem stillingane.

– Vi har ei ordning og avtale som seier at desse legane må vise kvinnene vidare til ein av dei andre legane, seier Varden.

Omsorgssjefen seier at det berre har skjedd to gonger dei siste fem åra.

– Den eine gongen viste legen kvinna vidare til ein anna lege slik som avtalt. Den andre gongen var berre ein lege som har reservert seg på jobb. Då tilviste legen til abort, mot sine eigne prinsipp. Men slik må det vere, seier Varden.

– Dette skal absolutt ikkje verte eit problem for kvinner i Høyanger, lovar ho.

Kan finnast mørketal

To legar som jobba i Luster kommune frå 2010 til 2011 reserverte seg mot å setje inn spiral og å tilvise pasientar til abort. I dag har kommunen ingen legar som reserverer seg. Luster kommune har, førebels som einaste kommune i Sogn og Fjordane, svart på høyringsbrevet frå regjeringa.

Pasientombod Lisa Førde Refsnes har fått det ho kallar eit uklårt svar frå Leikanger kommune, og har ikkje fått svar på ein førespurnad om presisering frå kommunen.

– Vi kan difor ikkje sjå vekk ifrå at det er legar i denne kommunen som av samvitsgrunnar ikkje utfører enkelte oppgåver som følgjer av listeansvaret, seier Refsnes.

På bakgrunn av hendinga i Flora kan vi ikkje sjå vekk ifrå mørketal, seier Refsnes.

– Det kan vera fleire legar i Sogn og Fjordane som reserverer seg mot å gjere enkelte oppgåver, men at kommuneoverlege og/ eller kommuneleiing ikkje er klar over praksisen til legen.