To frå fylket tekne ut til G-19 EM

Sogndal-spelar Jonas Fredriksen, og Strømsgodset-spelar Johan Hove er tekne ut i landslagstroppen som skal spele G-19 EM i sommar. Sluttspelet vert arrangert i Armenia mellom 14. og 27. Juli, og Noreg spelar i gruppe med Tsjekkia, Irland og Frankrike. Balestrendingen Marius Lenni Bøe skal også vere med som ein del av det sportslege apparatet.

Eliteserien fotball 2018: Rosenborg - Strømsgodset (4-3).
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix