To brannar etter lynnedslag i Sogn

Lynnedslag førte torsdag kveld til to brannar i Aurland. Begge skal no vere under kontroll.

Brann på vestsida av Aurlandsfjorden

HØGT TIL FJELLS: Den eine brannen starta i området Flenjahornet/Lofti på vestsida av Aurlandsfjorden i 1.000 meters høgde.

Foto: Noralv Distad

– Det kom ei regnskyll der inne på eit perfekt tidspunkt, så då roa det seg ganske godt ned. Ei vakt har fulgt med i område i heile natt, men eg har ikkje fått nokre telefonar så eg reknar det har vore roleg oppe i fjellsida, opplyser vakthavande ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane klokka 06.00 fredag morgon.

Alarmsentralen fekk den første meldinga like over klokka 20 torsdag. Då hadde lynnedslag ført til brann ved Nesbø i Vassbygdi.

– Det brann kring 400 meter oppe i veldig ulendt terreng. Då brannen såg ut til å roe seg sjølv ned, reiste brannmannskap til neste brann, seier Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø og legg til at dei framleis har att folk på staden som følgjer med på brannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann ved Nesbø i Aurland

SLUKKA AV SEG SJØLV: Den første av dei to brannane i Aurland starta ved Nesbø i Vassbygdi.

Foto: Noralv Distad

Uråd å ta seg fram

Brann nummer to vart meldt klokka 2049 etter eit lynnedslag i området Flenjahornet/Lofti. Brannen er i kring 1.000 meters høgde, og uråd å ta seg fram til.

– Det er ikkje fare for verken folk eller bygningar, men vi har folk som observerer brannen. Så må ein eventuelt gjere tiltak om brannen eskalerer, seier Eide og reknar det som lite truleg at flammane vil ta vegen over fjellet mot Undredalen.

– Det er tvilsamt. Fjellet er kring 1.400 meter på det høgaste, og det er lite vegetasjon. No er det ikkje veldig høg skog som brenner, seier han.

Fredag morgon verka alt å vere under kontroll:

– Eg kan ikkje bekrefte at alt no er slokt, men det regnet som kom hjalp veldig på. Den første brannen skal vere slukka, og så er det god kontroll på den andre og, seier Eide.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.