– Det kan vere nok med ein liten eingongsgrill som ikkje er tilstrekkeleg nedkjølt, så kan det antenne i terrenget.
Det seier Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø til NRK. Han fryktar at uforsiktigheit med åpen eld kan føre til brannar slik vêret er no.
– Skogbrannfaren er ekstremt høg etter det flotte veret og så lite nedbør som vi har hatt i det siste. Vi vil absolutt oppmode alle om å vere varsame med varme ute i terrenget, seier Eide.
- LES OGSÅ:
– Det er meldt ettermiddagsbyger mot slutten av denne veka. Vil det halde til å dempe brannfaren?
– Då skal det regne nokre dagar før det avgrense brannfaren. Det er tre kommunar som har totalforbod mot eld no. Skal faren for brann gå ned, så må det nok regne godt ein del døgn, meiner han.
Vågsøy, Bremanger og Florø kommunar har no totalforbod mot open eld.