Han var sjåfør for eit firma i Nordfjord, og køyrde langtransport til Europa. Men ved fleire høve tok han med seg gods som eigaren av firmaet ikkje ante noko om. I byrjinga av 2002 var han i Nederland. Der tok han i mot minst fem kilo med kokain og tablettar, køyrde over grensa til Tyskland, og vidare til Norge der han leverte varene.
Tollstasjonen på Svinesund
Stoppa på Svinesund
I mars same år var han på nytt i Nederland. Denne gongen tok han med seg fire kilo kokain, 30.000 ecstasytablettar og 97.000 rohypnoltablettar. Nok ein gong gjekk turen innom Tyskland, opp gjennom Sverige og fram til tollstasjonen ved Svinesund. Men der var det stopp. Ved tollstasjonen vart han stoppa og bak i semitraileren med hengar vart stoffet funne, seier politiadvokat, Geir Evanger ved Oslo politidistrikt.
Berre kurer
Sjåføren frå Nordfjord vart naturleg nok teken. Det same vart ein annan nordfjording som også hadde vore involvert i smuglinga. Men dei to var ikkje hovudmennene i saka. Nordfjordingane hadde meir ei kurer-rolle, seier Evanger.
Den 6. september startar rettssaka i Oslo tingrett. Sju personar sit på tiltalebenken. Rettssaka er venta å ta 14 dagar.