Hopp til innhold

Tilstår falske bjørnespor

Ein mann i 50-åra tilstår at han har laga dei falske bjørnespora i Gaular.

Bjørnespor
Foto: Vibeke Madsgård Kårstad

I går fann to turgåarar 20 falske bjørnespor på ein skogsveg i kommunen. Dei blei skremde og stod fram i media. I dag har mannen som laga spora, meldt seg for politiet i Gaular.

Les: Lurt av falske bjørnespor

Les: Fann bjørnespor på turveg

Mannen blei skremd

- Mannen hadde ikkje forventa at dette skulle få så mykje merksemd, og heller ikkje at folk skulle bli redde. Den store merksemda dette påfunnet har fått, har skremd han, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjell Fonn.

Fonn trur ikkje politiet kjem til å opprette straffesak mot mannen:

- Dette er gjort i spøk, og mannen var ikkje klar over konsekvensane påfunnet kunne få.