Hopp til innhold

– Det er ikkje greitt å snakke nedsettande om tilsette frå talarstolen

Det er full strid mellom tilsette i kommunen og fleire av politikarane i Sogndal. Dei tilsette fryktar å bli uthengde frå talarstolen i kommunestyret.

Elin Pettersen Tysse

FØLER SEG UTHENGD: Det er ikkje greitt at kommunepolitikarar henger ut tilsette frå talarstolen, seier Elin Pettersen Tysse, fagansvarleg i Sogn barnevern.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ikkje greitt at kommunestyrerepresentantar vel å snakke nedsettande om tilsette frå talarstolen. Det skaper utryggleik. På vegner dei tilsette i kommunen håper eg vi slepp å oppleve noko slik igjen, seier Elin Pettersen Tysse, som er fagleg leiar i Sogn barnevern.

Det var under kommunestyremøtet sist torsdag at det vart sett negativt fokus mot enkelttilsette i Sogndal kommune. Mellom anna gjekk Rita Navarsete (Frp) på talarstolen og stilte spørsmål om Pettersen Tysse hadde gitt eit konsulentoppdrag til sin eigen ektemann.

Pettersen Tysse viser til at ektemannen sitt oppdragsforhold med kommunen er i tråd med gjeldande regelverk. Rådmannen har tidlegare stadfesta at alt er i tråd med regelverket. Ho er uroa for tilliten mellom dei tilsette og dei folkevalde.

– Det er viktig med gjensidig tillit mellom oss tilsette og kommunestyret, som har det øvste arbeidsgjevaransvaret i kommunen, seier ho.

Rita Navarsete

FÅR KRITIKK: Rita Navarsete (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stilte spørsmål i ope møte

NRK har vore i kontakt med Rita Navarsete (Frp), men ho vil ikkje kommentere saka. I kommunestyret sa ho derimot følgjande:

«Så har eg eit anna spørsmål: Er advokat Rune Tysse innleigd som konsulent av ektefellen sin Elin Pettersen Tysse og / eller Hadle Blikra. Viss dette er tilfelle, så er det svært uheldig med tanke på dei tette banda du har når du bur i lag. Dette her vil vi gjerne vite litt meir om. Viss det er tilfelle så vil vi kome tilbake til den saka ganske snart.»

Hadle Blikra er barnevernsleiar i Sogn. Det er fleire av dei tilsette som har reagert på det som skjedde, mellom andre hovudverneombod i kommunen, Frank Nymark.

Frank Nymark

KRITISK: Hovudverneombod i Sogndal kommune, Frank Nymark.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det er ikkje nødvendig å bruke namn på enkeltpersonar i slike samanhengar. Dei ville fått godt fram saka si utan å nemne namn. Dei det blir brukt namn på får heller ikkje høve til å forsvare seg, seier han.

– Er du overraska over at slikt skjer?

– Ja, veldig. Dette er eit unntak og må vere ein glipp.

Også ein annan kommunepolitikar gjekk sist torsdag på talarstilen med negativt fokus mot ein tilsett i administrasjonen. Der vart det ikkje brukt namn, men vedkomande var lett identifiserbar.

I tillegg vart rådmann Jostein Aanestad utsett for massiv kritikk. Det vart mellom anna stilt spørsmål ved om han har forståing for at politikarane ikkje kan stole på han. Rådmannen, som avviste kritikken, meiner han vart utsett for eit uverdig spel.

Rådmann Aanestad avviser kritikken mot seg og meiner det er ingen grunn til ikkje å stole på han.

Brev frå anonym varslar

Dei harde skuldingane under kommunestyremøtet er også bakgrunnen for at det søndag tikka inn eit skriftleg varsel til ordførar Jarle Aarvoll (Ap). I varselet heiter det mellom anna:

«Som tilsett i Sogndal kommune kjenner eg personleg på ei sterk uro og redsle for eigen og andre tilsette si helse ved å ha eit dagleg virke i ein kommune der representantar frå kommunestyret, som har det øvste arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette i Sogndal. kommune, har ein framferd som vert opplevd som helseskadeleg».

Varslaren meiner det kan vere brot på Arbeidsmiljølova.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), meiner saka er trist.

– Vi skal ikkje kritisere tredjepersonar og enkelttilsette i eigen organisasjon frå talarstolen. Under siste kommunestyremøte var grenser brotne, noko eg beklagar sterkt. Eg burde ha vore strengare i møteleiinga mi, seier han. Aarvoll lovar at varselet vil bli behandla på største alvor.

Jarle Aarvoll

VARSLINGSSAK: Varselet som er send inn vil bli behandla på største alvor, lovar ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Arne Glenn Flåten (H) er ein av dei som har kome med den hardaste kritikken mot rådmannen. Flåten tek ingen sjølvkritikk.

– Vi kjem med kritikk også mot rådmannen når vi meiner det er grunn til det. Slik vil det bli også i framtida, seier han.

Flåten avviser at han har snakka nedsettande om tilsette i kommunen.

– Eg har kun stillt spørsmål til rådmann. Eg har ikkje stilt spørsmål til eigenskapar eller personelgheiter ved nokon tilsette. Det er ingen som tykkjer det er greit at det kjem kritikk eller nedsetjande omtale om andre tilsette enn rådmann, seier han.