NRK Meny
Normal

Tilsette hadde englevakt

Tilsette ved Vest Tank i Sløvåg stod berre fire meter frå den første tanken som eksploderte.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Kåre Ness

Mennene vart truleg berga av at dei stod bak ein mur.

- Dei stod fire meter frå eksplosjonsstaden, bak ein mur som tydelegvis har gjort sitt for å berge mennene som stod i umiddelbar nærleik, seier Losvar.

Uviss årsak

Losvar rosar dei tilsette sin umiddelbare reaksjon då den første tanken eksploderte.

- På trass av det veldige infernoet som var der, klarte dei utruleg nok å berge livet og endå til starte naudprosedyrane som går ut på å overspyle tankannlegget med vatn og skum for å bekjempe ei eventuelt større katastrofe, seier han.

Rosar tilsette

Det er framleis uvisst kva som utløyste eksplosjonen ved Vest Tank i Sløvåg. Losvar seier arbeidarane fortel om ein heilt vanleg arbeidsdag til tanken eksploderte.

- Anlegget topp moderne og i løpet av siste året kontrollert og funne heilt i orden. I førre veke var det beredskapsøving på anlegget der mannskapet vart drilla. I dag kan vi seie heldigvis. Tilsynelatande har dei klart arbeidet på ein utmerka måte, seier han.

 Ser alvorleg på hendinga

Skadestadsleiar Ivar Holmås seier dei vil granske eksplosjonen på vanleg måte med tekniske undersøkingar og avhøyr av dei som opplevde ulukka.

Avdelingsleiar for risikobedrifter i Direktoratet for Samfunnstryggleik og Beredksap, Tom Ivar Hansen, ser alvorleg på hendinga. Han seier Vest Tank har over 100.000 kubikkmeter brannfarleg veske.

DSB hjelper politiet

Direktoratet vil hjelpe politiet i granskingsarbeidet. Hansen vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til eksplosjonen, men seier at visse faktorar har vore til stades og utløyst den.

- Når det er eksplosjon er det store mengder gass som vert antent samstundes slik at mykje energi vert frigjort. Dersom det er gasseksplosjon her, slik som ting tyder på, så har vore gass og noko som har antent gassen, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast