Tilbake etter skademareritt
Etter eit langt skademareritt er Endre Kupen tilbake i gult for Bodø/Glimt, skriv Avisa Nordland. Nordfjordingen er med når Bodø/Glimt 2 møter Junkeren i dag. Spissen fekk berre spelt nokre treningskampar for nordlandslaget før han rauk korsbandet like før seriestart i fjor.