Hopp til innhold

Fekk eit hardt møte med hjort i Nordfjord

Ein person blei sendt til sjukehus etter ein hjortepåkøyrsel ved Holvik i Vågsøy.

– Passasjeren i bilen hadde smerter i både nakke og skulder, og blei difor sendt med ambulanse til sjukehuset på Nordfjordeid. Hjorten forsvann frå staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.

Politiet vil no opprette sak på hendinga.

Ville ikkje forlate festen

Ein mann i 40-åra nekta å avslutte festen, då han fekk beskjed om å forlate utestaden Meieriet i Sogndal sentrum.

– Han var rett og slett ufin. Politiet fekk han med seg ut og mannen blei vist vekk frå sentrum, seier Samsonsen.

Mistenkt for promillekøyring

Kl. 03.01 stoppa politiet ein førar i 20-åra i Førde med mistanke om køyring med promille.

– Mannen blei tatt med til lege for blodprøve. Vi har tatt frå han førarkortet og vil opprette sak, seier Samsonen.