Hopp til innhold

Her har dei aldri hatt så mange søkjarar før – no har dei venteliste

Sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har aldri tidlegare hatt så gode søkjartal til januaropptaket som i år, og må for første gong ha venteliste for dei som ønskjer å komme inn.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

TIL VÈRS: Søkjartala til sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har aldri vore så gode som til januaropptaket i år.

Foto: NRK

– På dei ti åra eg har jobba her, og jobba med opptak, så er dette det beste eg har vore med på, seier rådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kristen Stæger-Breisnes.

Då søknadsfristen til opptaket i januar gjekk ut hadde sjukepleieutdanninga i Førde fått 102 søknadar. Det er om lag ei dobling av kva som pleier å vere normalt.

– Dei siste åra har vi hatt god søknad til august-kullet. Men no ser vi også at vi får det på januar-kullet, og det er første gong vi har venteliste, slik som vi har i år, seier Stæger-Breisnes.

Er attraktive etter endt utdanning

Høgskulen i Sogn og Fjordane med avdeling for helsefag har som den einaste sjukepleieutdanninga i landet opptak to gongar i året.

For å få plass i januar må studentane ha høgare snittkarakter enn dei som startar opp om hausten.

– Eg er veldig glad for at vi har så gode tal. Folk vil komme hit til oss, og det er kjempekjekt. Det er eit teikn på at det vi gjer er rett, seier Stæger-

Kristen Stæger-Breisnes

NØGD: Rådgjevar Kristen Stæger-Breisnes er godt nøgd med søkjartala på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Breisnes.

Han peikar på at helsefagutdanninga har vorte kjend for å utdanne gode sjukepleiarar, og det merkast når elevane skal ut både i praksis og i jobb etterpå.

Studentane er ettertrakta som arbeidskraft, og skulen blir kontakta både av sjukehusa på Haraldsplass og Haukeland i Bergen som ønskjer dei beste studentane.

Rekrutterer frå heile landet

Sjukepleieutdanninga er ikkje berre populær for studentar frå fylket og nabofylka.

– Vi har alltid rekruttert godt frå Sogn og Fjordane, og delvis frå Hordalands-regionen. Men no er det også slik at vi ser at dei kjem frå andre delar av landet, frå Kristiansand i sør til Karasjok i nord, seier Stæger-Breisnes.

Han legg til at dei som studerer på helsefag i Førde, trivst godt.

– Dei føler at dei får noko att for å vere student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier Stæger-Breisnes.

Nøyaktig kva som gjer at skulen og utdanninga har vorte meir populær, er han ikkje sikker på.

– Vi veit eigentleg ikkje kvifor. Men dei siste åra har vi sett at vi har vorte meir og meir populære, seier Stæger-Breisnes.

Har jobba hardt

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av få høgskular som framleis har januar-opptak.

– Vi er einaste i marknaden, og det vert meir og meir kjent at vi har dette tilbodet. Vi har jobba hardt for å få januar-opptaket inn på Samordna opptak, seier Stæger-Breisnes.

Han trur også det at folk har vorte meir medvitne på at det eksisterer eit januar-kull, har bidrege til å auke søkjarmassen i Førde.

Men han trur også tidlegare studentar skal ha sin del av æra.

Ballar på seg

– Vi har vorte meir nasjonale, vi er meir gode og når meir ut. Våre nøgde studentar er våre beste ambassadørar. Når dei kjem heim og fortel kor kjekt det er å utdanne seg i Førde, så høyrer fleire om det, og då ballar det på seg, seier Stæger-Breisnes.

Høgskulen i Sogn og Fjordane nyttar også student-ambassadørar når dei rekrutterer, og det trur han betyr mykje.

– Eg trur det er ein god måte å gjere det på. Dei klarar å snakke saman, kanskje betre enn om eg hadde gjort det. Dei fortel om kor fint og kor tett det er. Vi ser studentane, og studentane ser oss. Det er lett å ta kontakt, og vi har tett oppfølging gjennom heile studiet, seier Stæger-Breisnes.