Hopp til innhold

Testar nye spelarar mot Lillestrøm

Dejan Corovic, Dauda Bortu og Erik Eikeng er tre spelarar som trenar Terje Rognsø vil sjå i sving når Florø Fotball møter Lillestrøm i helga. Corovic har over 70 1. divisjonskampar med Jerv og Arendal, medan Bortu har ein landskamp for Liberia. Eikeng spelte i fjor for Odd 2. – Vi har 19 spelarar på kontrakt, men skal opp i 23 spelarar før seriestart. Det blir ein del spelarar innom på prøve framover, seier Rognsø som ynskjer å styrke laget med ein spelar i kvar lagdel. Samstundes er det også klart at Monir Benmoussa ikkje får forlenga kontrakten, medan Endre Kupen (Bodø/Glimt), Martin Hollevik (Sotra) og Erlend Hove (lagt opp) er ute av stallen.

Terje Rognsø
Foto: Håkon Eliassen / NRK