Hopp til innhold

Terra-kommunane får førstehjelp

Dei tre Terra-kommunane Bremanger, Vik og Hattfjelldal får til saman 31 millionar kroner av staten til neste år.

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa strekkjer ei hjelpande hand med åtte og 15 millionar kroner til Vik og Bremanger.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Samstundes får kommunane som har tapt fleire hundre millionar på Terra-skandalen åtte og ti år på seg til å avskrive tapa.

Fem til kan få

Kommunane er dei tre første som får avklart kor mykje dei frå i krisehjelp frå Staten. I tillegg kan også fem andre kommunar få pengar etter å ha meldt inn sine behov.

- Vi veit at både innbyggjarane og dei folkevalde i desse kommunane no har ein svært krevjande situasjon. Vi finn det difor rett å gå inn med ekstra skjønnsmidlar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Tapte ein milliard

Åtte kommunar tapte nær ein milliard på Terra-skandalen. Om kommunane får midlar også etter 2009 er ikkje avklara. Vik må dei neste åtte åra kutte 18 millionar kroner, medan Bremanger må kutte vel 25 millionar årleg.

No får dei drahjelpa dei har bede om. Vik og Hattfjeldal får åtte millionar i 2009, Bremanger 15 millionar kroner.

Dei tre kommunane får også tid til å avskrive verdipapirtapa, vanlegvis skal dei berre bruke fire år, men Vik og Hattfjelldal får no åtte og Bremanger ti år.

- Umogleg å dekke inn

Kleppa meiner likevel ikkje at kommunanen får eit lett liv framover eller at staten her erkjenner noko ansvar for Terra-skandalen.

- Vi gjer dette fordi at vi skjønar veldig godt at det eigentleg er umogleg å dekke inn dette på dei fire åra som er hovudregelen. Det andre er at vi ser at det må til ekstra midlar for at innbyggjarane skal få pengane dei har krav på, seier ho.