Hopp til innhold

Tenner lys for offera i Årdal

I dag er det ei veke sidan ei kvinne og to menn blei drepne på bussen mellom Årdal og Tyin. No oppmodar ei Facebook-gruppe folk om å tenne eit lys i kveld.

Tenner lys i Årdal

TENDE LYS I ÅRDAL: Slik såg det ut utanfor rådhuset i Årdal førre veka. Mange tende lys og la ned blomar for å minnast Margaret Molland Sanden og dei to andre som blei drepne.

Foto: Christian Blom

«Tenn et lys eller fler hvor enn du er og ta gjerne et bilde og legg det ut på vår side. Håper du også blir med! Tenn lys for Arve Kvernhaug, Margaret Molland Sanden og Brahim Khouya» står det på Facebook-sida.

Fleire har lagt ut bilete av stearinlys, medan mange har meldt frå at dei vil tenne lys i kveld.

Per Kristian Pedersen er talsmann for familien til Margaret Molland Sanden som var eit av offera på bussen. Då han høyrer om aksjonen, seier han det er fint at folk vil vise støtte i sorga.

– Det set vi pris på. Det er ein flott tanke og fint for familien. Dei set pris på all omtanken og kjenner at dei ikkje står åleine i sorga. Det har også vore tende lys i Årdal heile denne veka, seier han.

Pedersen er ein nær venn av familien og har vore næraste nabo i 20 år. Han fortel at Årdalssamfunnet står samla og folk har vore trøystande og støttande i dei tunge dagane.

– No er det mange tankar rundt gravferda til Margaret på torsdag. Det skal bli ein verdig seremoni.

Folk i Årdal har heile siste veka tent lys og lagt ned blomar og kort ved steinen utanfor rådhuset: