Hopp til innhold

Tener gode pengar på rosa dressar

I fjor tok eigarane ut eit utbytte på seks millionar. Av ei omsetnad på 79,2 millionar vart driftsoverskotet på 18 millionar.

Moods of Norway

Gründerar: Peder Børresen og Simen Staalnacke vil motta 1,7 millionar kvar i utbytte.

Foto: NRK

Styremedlem og aksjonær Jan Egil Flo seier til Bergens Tidende at dei er godt nøgde.

– Men at ein må hugse på at gründerane jobba så og seie gratis for selskapet dei 3-4 første åra, legg han til.

Satsar i USA

Alt dei tente gjekk tilbake til selskapet for å sikre vidare vekst.

- No er vi blitt fleire aksjonærar, men vi tek ikkje ut meir enn det er rom for, forklarar Flo.

Klesmerket har sterkt forkus på USA om dagen der dei testar interessen i tre ulike butikkar.

Sist helg hadde klesdesinerane storslått visning under Oslo fashion week. Kva Moods of Norway meiner du skal kle deg neste år kan du sjå her

Sju selskap

I dag er det sju selskap i Moods of Norway-familien, men Flo er ikkje uroa for at bobla skal sprekke.

– Det er ingen grunn til at det skal skje. Vi arbeider heile tida med å få nye produktgrupper inn i systemet vårt, seier han.

Namnelista på underselskapa er ei lesing litt utanom det vanlege. Cocktails and Dreams AS, til gründerane Simen Staalnacke og Peder Børresen, tek mesteparten av utbyttet. Berre Pluss AS er namnet på Jan Egil Flo sitt eigarselskapet. Andre namn på lista er Graver Guld i USA AS, Frode Kommode AS og Lyssen AS.