Hopp til innhold

Magisk og trolsk moteshow

Det vart ei eventyrleg visning av neste års sommarkolleksjon til Moods of Norway på Kongsgården fredag kveld.

For aller første gong var Kongsgården på Bygdøy leigd ut til eit slikt føremål.

Designerduoen Peder Børresen og Simen Staalnacke avslutta moteveka 2010 i Oslo med ein kalla "Norwegian Fairytales".

Ringnes som Askeladden

Det var prinsar, prinsesser, tussar og troll. Og investor Christian Ringnes fekk æra av å opne visninga som Askeladden. Iført fargerike klede og ei rosa skreppe inntok han catwalken.

– Det var fantastisk

Omlag 3300 inviterte gjestar var til stades og mellom dei var mange kjendisar.

Rune Førde frå Førde er ein av dei som såg showet i går. Han kjennar karane i strynebedrifta og har vore på mange Moods of Norway-show.

– Det var heilt fantastisk og ei trolsk stemninga. Det var mørkt og lysshowet kom til sin rett då tussar og troll kom på scena.

Største showet dei har hatt

Økonomisjef og gründer Jan Egil Flo i Moods of Norway er svært nøgd med kvelden.

– Det var ein suksess. Det er det største showet vi har laga og alt fungerte som det skulle. Det vart ein magisk og trolsk kveld, seier han til NRK.no.

Med modellar og alle på crewet var det vel 220 personar involverte.

– Dette kostar litt, men er ein flott måte for oss å vise oss fram på. Vi har dei to største showa i året, og avsluttar Oslo Fashion Week med desse.

I følgje side2.no skal festen ha kosta over ein million kroner.