June Naustdal og Marte Eline Lored fekk raskt auge på brannen i Solvang Barnehage i går kveld. Eit leikestativ stod i fyr og flammer då brannmannskapet kom til staden.
Tre gutar i alderen sju til 14 år har vedgått å ha starta brannen. Dei aller minste tilskodarane tykte det var trist at leikestativ og ei leikehytte brann ned.
Brannmeister Leif Otto Olsen understrekar at det ikkje var fare for at brannen skulle spreiast.